Kan bli tre millionar dyrare enn rekna med

Flytting og oppattsetjing av industribygg på Grandane i Valldal blir langt dyrare enn først kalkulert. Kommunen bør investere i seddelpresse foreslår rådmannen.

25. februar 2004
Ingrun Myklebust
Vil dette huset nokon gong bli flytta? Og kva tid vi det i så fall skje? Spørsmåla rundt Hove-bygget er igjen høgaktuelle. (Foto: Kenneth Strømsøy.)
I verste fall kan flytting frå Grandane og oppattsetjing i Djupøyna bli 56 prosent dyrare enn først utrekna. Saka må opp att i kommunestyremøtet den 10. mars, seier rådmann Kjell-Roar Henriksen.
Då kommunestyret vedtok flytting av bygget i fjor, baserte dei avgjerda på ein flyttesum på 5,3 millionar kroner. Dette var ei grov kalkyle frå byggfirmaet Christie & Opsahl. Seinare har det vorte klart at tilleggskostnadene vert store. Det skuldast mellom anna VVS-installasjon-
ar, opplyser rådmannen.
– Det er overraskande at det blir så høgt, det har vi ikkje vore førespegla tidlegare, seier han, og meiner ein kan stille spørsmål ved kvaliteten på den vurderinga som først vart gjort av entreprenørfirmaet.
No blir det opp til kommune-
styret kva dei vil gjere. Om ein skal låne tre millionar ekstra, vil renter og avdrag dei første to åra utgjere i underkant av 300.000 kroner årleg med dagens rente. Dette må det finnast inndekning for, enten ved å kutte på andre driftsutgifter eller finne andre inntektskjelder, seier Henriksen.
– Om kommunen vedtek å setje av dei ekstra pengane til flytting, ligg vi uansett på etterskot med arbeidet, legg rådmannen til.
Kommunens tekniske avdeling, FDV, som ventar på å kome inn i nytt bygg er avheng-
ige av kva kommunestyret vil gjere. Henriksen synest prosessen er komen så langt at han vil innstille på at prosjektet vert gjennomført. Ein kan sjølvsagt bygge nytt bygg berre for FDV, utan utleigelokale, men å førebu dette kan ta tid, og Norddal Elverk ventar på å få frigitt lokala som FDV no er i, seier Kjell-Roar Henriksen.
Men då står ein framleis att med eit Hove-bygg som ikkje er flytta. I alle høve må arbeidstilsynet søkjast om utsetjing att. Dei har sett 1. mars som ein frist for at FDV skal få godkjende lokale.
Ein oppgitt, men likevelt humørfylt rådmann ymtar frampå om at kommunen kanskje skulle investere i ei seddelpresse. Skal ho kunne kopiere opp dei nyaste sedlane, vil ho koste 500.000 kroner...