|
|
Helse- og omsorgstenesta i Norddal kommune har slite med særs stort sjukefråvær. I siste kvartal i 2002 hadde fråværet passert 20 prosent, og gjennom
heile første halvåret i fjor låg det på 23 prosent. Men så skjedde det noko: Fråværet stupte til 9 og 12 prosent i tredje og fjerde kvartal.
Om ein ser berre på helse- og omsorgstenesta på sørsida av fjorden, har betringa vore endå litt større: Sjukefråværet fall brått frå 24 prosent i andre kvartal i fjor og til 8 prosent i tredje kvartal. Men nedgangen stogga ikkje med dette: I siste kvartal i fjor var fråværet heilt nede på 5 prosent, noko som er noko nær eineståande lågt i denne sektoren.
På den største verksemda i helse- og omsorgstenesta i kommunen, Valldal Trygde- og Sjukeheim, har ikkje nedgangen vore like brå og stor, men også her er det tydeleg nedgang. Frå eit fråvær på 18 prosent i første kvartal i fjor, kom det ned på 12 prosent gjennom heile andre halvår. Nest største verksemda i helse- og omsorgstenesta er heimetenesta i Valldal, der fråværet var så høgt som 27 prosent i første kvartal i fjor. Her dala fråværet til snautt 9 prosent i tredje kvartal, før det auka noko til rett under 13 pro-
sent i fjerde kvartal.
Mette Tøsse, som er rådgjevar for rådmannen, meiner det først og fremst er innføring av klare rutinar og ansvarstilhøve som ligg bak betringa i sjukefråværet, og fortel at dette arbeidet vil halde fram. Dessutan vert det vurdert å auke administra-
sjonsdelen av stillings-
heimlane for styrarane på dei einskilde avdelingane, fortel ho. Det er nemleg mykje som tyder på at dei har hatt for lita tid til å gjere administrasjonsarbeidet på ein god måte. |
|
 |
|
|
|
No har det vorte slik at det er både fire og fem personar som skriv seg opp når det er ledige vakter. Det er noko heilt nytt, smiler Margrete Midthjell, og legg til at alle dei tilsette gjer ein kjempejobb og har mykje av æra for den positive utviklinga.
Avdelingsleiaren fortel at ho ikkje hadde noko som helst røynsle med styring og administrasjon før ho fekk stillinga som vart ledig i august. Men ho har røynsle frå golvet, som i Valldal, og fekk med tida mange tankar om kva som kunne vore gjort annleis. Desse tankane har ho teke med seg som leiar i helse- og omsorgstenesta i Norddal og Eidsdal.
Midthjell forklarer at det viktigaste som har vorte gjort, er å innføre gode rutinar og prosedyrar, slik at folk veit kva dei skal gjere både neste veke, når dei kjem på jobb om morgonen, og når dei kjem inn til den enkelte brukaren. Det er dessutan ein stor fordel at nokon på sørsida har fått det sjukepleiefaglege ansvaret; tidlegare måtte ein hente inn sjukepleiar frå Valldal når trongen var der.
Så langt det er råd, prøver vi også å arbeide saman to og to. Dessutan er det ingen som berre gjer heimetenester som vasking og rydding, og ingen som berre arbeider i Norddal eller Eidsdal, legg ho til.
Margrethe Midthjell har stor tru på variasjon i arbeidet, og at alle skal få høve til opplæring og å utvikle seg sjølv. Derfor lar ho gjerne dei tilsette få oppgåver som dei aldri har hatt før, og som dei knappast sjølv trudde dei var i stand til. Det har gitt svært gode resultat. Ikkje minst har ho fått samansveisa medarbeidarar som gler seg til å kome på jobb.
Verneombod Anne Lise Stenvåg har arbeidd i helse- og omsorgstenesta i sju år, og seier tilhøva ved arbeidsplassen aldri har vore så gode som no. Ho er også svært nøgd med endringane og måten dei har kome på.
Vi har i stor grad vore involvert i endringane, og fått kome til med synspunkt, seier Stenvåg.
Sjølv om det for tida herskar både humør og harmoni i helse- og omsorgssektoren på sørsida, er både Midthjell og Stenvåg samde i at dei treng meir pengar, først og fremst til utbetring av overbeleggsrommet, som eigentleg er lunsjrommet til dei tilsette, og der det ikkje er tilfredsstillande bad- og toalett-tilhøve. Dessutan hadde ei ekstra stilling kome godt med, folket på sørsida vert stadig eldre, og dei som bruker helse- og omsorgstenesta vert både fleire og meir skrøpelege.
Det har vore ein særskilt stor auke i arbeidsmengda etter nyttår. Arbeidsdagen er travel, men det går likevel veldig greitt. Problema kjem dersom utviklinga held fram slik. Då må vi ha fleire stillingar, forklarer Margrete Midthjell. |
|
|
|