Nytt alternativ til Hove-bygget

Det var spente politikarar som møtte opp ved Mesta-huset i Valldal for å sjå nærare på om bygningen kan huse FDV, uteseksjonen til kommunen.

3. mars 2004
Ingrun Myklebust
Formannskapet i Norddal hadde synfaring i vegstasjonen i Valldal. I midten: distriktsjef i Mesta Ingvald Kleppe.
Mesta-bygget, eller vegstasjonen, er eit 320 kvadratmeter stort stålbygg ved Djupøyna i Valldal. Måndag stod Ingvald Kleppe ved porten og tok imot formannskapet på husjakt for FDV. Han er distriktssjef i Mesta, eit sjølvstendig produk-
sjonsselskap av vegtenester.
Formannskapet hadde knapt med tid og mykje å rydde opp i denne måndagen. Arbeidstilsynet har gitt kommunen ein utsett frist til 1. mars for at FDV skal ha godkjende arbeidstilhøve. Det har dei ikkje i sine noverande lokale på Grandane i Valldal. Planen har vore at Hove-bygget skulle vere flytta og oppattsett ved Djupøyna til denne fristen, for å huse FDV og andre leigetakarar. Men rekninga på flytting har stige gradvis. Dei siste utrekningane frå kommunen viser at flytting og oppattsetjing med moms kunne kome opp i åtte millionar kroner.
Mesta-bygget kan vise seg å bli alternativet til ein flytte-
operasjon som har blitt for dyr. Ingvald Kleppe sa til politikarane at bygget er for stort for dei to til tre tilsette som Mesta har i Valldal. Selskapet er innstilt på å slanke seg, dei har for mange bygningar ståande rundt omkring, sa Kleppe.
– Vi er heilt klart opne for eit samarbeid med kommunen, vi kan dele bygget med andre, sa han. I første omgang kan kommunen leige lokala, om Mesta taper kontrakten med vegvesenet som skal utlysast neste år, kan det også bli aktuelt med sal. Om FDV treng heile plassen, har selskapet boligbrakker dei kan rigge opp for sine eigne tilsette, tilbaud Kleppe. Leiga på bygget vil avhenge av kva selskapet må gjere av investeringar for å tilpasse behova til nye leigetakarar.
Bygget til Mesta inneheld eit toalett og ein dusj i eit våtrom som har plass for utvidingar. I tillegg finn ein eitt soverom, eit stort pauserom og eit mindre kontor i den innreidde avdelinga. Resten av bygget er verkstadhall med loftsområde.
Det vart klart under samtalen mellom politikarar og Mesta-sjef, at selskapet er interessert i å gi anbod på det som i dag er kommunale oppgåver. Han sa at dei har teke over vegstrøing i Tingvoll og har full beredskap på snørydding i Volda sentrum. Framleis har Mesta 90 prosent av oppgåvene sine hos Statens vegvesen, men dei vil gjerne få fleire private og kommunale kundar. Arne Sandnes understreka at kommunen er oppteken av at Mesta framleis skal ha arbeidsplassar i Valldal.
Etter synfaringa kom Bjørn Homlong, leiar i entreprenørfirmaet Christie & Opsahl til rådhussalen. Han presenterte sin versjon av korleis firmaet hadde gjort sine utrekningar i samband med flytting av Hove-bygget. Han kom også inn på kva som hadde vorte lagt til i dei nye utrekningane som kommunen hadde stått for. Ifølgje Homlong hadde hans firma fått i oppgåve å rekne ut kostnadene til eit bygg som skulle ha enkel standard. Endringane som har kome til sidan han var inne i biletet utgjer 2,4 millionar kroner, eksklusiv moms, sa han. Svein Linge (Al), ville vite kva desse endringane er, og Homlong svara at det mellom anna er ein mesanin og større kvalitet i golva. Linge spurde vidare om firmaet framleis er interessert i Hove-bygget, men Bjørn Homlong sa at dei ikkje kan bruke det lenger. Etter dette vart resten av debatten i saka lukka for pressa, medan Homlong uttalte seg vidare til formannskapet.
Formannskapet vedtok å gå i forhandlingar med Arbeidstilsynet for å få utsett fristen for dagmulkter. Vedtaket om flytting av Hove-bygget skal opp for kommunestyret att for å omgjerast, og det skal startast forhandlingar om leige av lokale til FDV-seksjonen.