Ung lege med mykje røynsle

Hasibulla Amiri har definitivt ein annan bakgrunn enn dei fleste av oss, anten vi er nordmenn eller afghanistanarar. Den nye turnuslegen i Stordal drog frå heimlandet til gamle Sovjetunionen for å studere medisin i 1987. Då var han 14 år gammal.

10. mars 2004
Kenneth Strømsøy
Det er ein svært røynd turnuslege som har kome til Stordal: Hasibulla Amiri er berre 31 år, men har allereie vore lege i nærare ti år. På biletet bak han er døtrene Leme og Sena.
Hasibulla Amiri er ikkje stort eldre enn ein gjennomsnittleg turnuslege. Men han er utan tvil meir røynd, og har allereie ti år bak seg som praktiserande lege. Allereie som 14-åring drog han frå familien og heimlandet for å studere medisin i Dusjanbe, som no er hovudstaden i republikken Tadsjikistan.

14-årige medisinstudentar var ikkje stort meir vanleg i gamle Sovjetunionen eller i Afghanistan enn det er i Norge, og alle studiekameratane til Hasibulla var frå 20 år og oppover. Då kunne ein kan hende vente at dei hadde noko ulike interesser, men det hadde dei ikkje, forklarar han:
– Det var mykje å lese på medisinstudiet, særskilt dei tre første åra, så det var ikkje tid til å ha fritidsinteresser ved sida av studiane. Dessutan var eg vand med å ha eldre venner; då eg reiste frå Afghanistan drog eg saman med tre kameratar som alle var over 20 år, fortel Hasibulla Amiri.

Å bruke det meste av tida på lesing var heller ikkje noko nytt for han. Han tok seks av skuleåra på tre år, slik at både 3. og 4., 6. og 7,. og 9. og 10. klasse vart tekne på eitt år. Samstundes med at han gjekk fort fram, fekk han også svært gode karakterar, og dermed låg vegen open til legeyrket.

Det første året i Dusjanbe gjekk med til russiskundervisning og heimlengt. Hasibulla voks opp i ein stor familie og hadde fem eldre, skuleflinke sysken. Den eldste enda som arkitekt og dei fire neste vart bygningsingeniørar, og ein må nesten tru at det har sildra kunnskap frå dei alle og ned på Vesle Hasibulla, som han vart kalla både på skulen og på universitet.
Då Hasibulla tok til på sjølve medisinstudiet var han framleis ikkje meir enn 15 år, men det hadde allereie gått seg til med lengten etter familien og heimlandet. Han treivst godt med dei travle studiane. Men i 1991 vart livet brått vanskelegare. Sovjetunionen fall i grus, og Tadsjikistan var ein sjølvstendig republikk. Afghanistanarar som studerte medisin på militære universitet måtte slutte, men dei som gjekk på sivile universitet fekk halde fram. Hasibulla var mellom dei siste. Men inflasjonen vart brutal, og prisane på brød kunne hundredoblast på ei veke. Samstundes fekk han ikkje lenger studere gratis, og studiestipendet var like stort. Likevel kom han seg vel i hamn med studiane, og i 1994 var han 22 år gammal og ferdig utdanna lege.

Mot slutten av 1995 drog Hasibulla attende til Afghanistan. Her hadde dei sovjetiske styrkane trekt seg ut i 1989, etter ti år med okkupasjon og væpna motstand. Det sovjetstøtta regimet hadde likevel halde på statsmakta fram til 1992, då det vart kasta av ei av motstandsgruppene. Då Hasibulla kom heim, var det framleis uro og borgarkrig i landet, og kort etter, i 1996, kom Taliban til makta.
Hasibulla Amiri fortel at Taliban ville ta livet av alle som var påverka av vestlege kulturar, ikkje minst dei som hadde studert i Sovjetunionen. Både legar og andre med høg utdanning frå utlandet vart drepne, og Hasibulla drog til Mazar-i-Sharif, ein by der ingen kjende han. På mange vis gjekk dette greitt. Han trefte kvinna han kom til å gifte seg med, tente godt og fekk anonyme gåver frå takksame pasientar. I Afghanistan er nemleg statusen til legane framleis skyhøg; mange ser på dei nærast som gudar.

Men det var mykje som var vanskeleg. Som mannleg lege hadde han mellom anna ikkje lov å sjå eller ta på kvinnelege pasientar. Han fekk berre snakke med dei og sjå dei i augo, gjennom eit hol i veggen. Sjølvsagt vart det nærast uråd å stille dei rette diagnosane på dette viset. Etter som Taliban stramma grepet og Sharia-lovane, vart tilværet meir og meir vanskeleg for Hasibulla. Det vart til dømes ulovleg for ein mann å gå langs vegen med si eiga kone. I 1997 rømde han og dei gamle studiekameratane til Moskva ved å mute grensevaktene. Men kona, Hosy, måtte vere att. Det var altfor farleg å freiste å ta med ei kvinne ut av landet.

Heller ikkje i Moskva var det enkelt å vere utanlandsk lege. Det var mest uråd å få stilling, og han og venene vart stadig stogga av politiet som bad dei vise fram arbeidsløyve. Det hadde dei ikkje, men det meste vart ordna med bestikkelsar. Arbeidsløyse og stadige bestikkelsar var lite attraktivt i lengda, og både han og venene søkte seg vidare til land over store deler av verda.

Hasibulla fekk napp i Norge, og kom til Oslo i 1998. Her kjøpte han seg eit husvære, og etter eitt år fekk også Hosy kome til landet. Hasibulla fortel at han ikkje kunne forstå at nordmenn kunne bu andre stader enn i Oslo. Han var vand med å bu i storby, og tenkte det måtte vere einsamt å bu i norske bygder og småbyar. I Moskva hadde folket vore svært opne og venlege, og invitert han både her og der. Men Oslo var annleis. Hasibulla fann fort ut at den norske hovudstaden er ein einsam storby. Familien vart kjend med eitt einaste nabopar, to hyggelege menneske på godt og vel 80 år. Elles var det nærast uråd å få kontakt med nokon.

Alle som skal virke som lege i Norge må ha norsk etterutdanning og gjere turnusteneste. Hasibulla måtte mellom anna ta eksamen i norske spesialfag som retts- og sosialmedisin, og etterpå venta turnustenesta i Molde. Han grudde seg ein god del, både fordi han rekna med at det ville vere endå vanskelegare å få vener her, og fordi alle åtvara han mot det vanskelege tungemålet. Men frykta vart gjort til skamme: Moldensarane var lette å kome i snakk med, og målføret var heller ikkje noko problem.

– Om folk seier «hva» eller «kva», «hvordan» eller «korleis», spelar ikkje noka rolle. Det er lett å lære seg, meiner Hasibulla.
Hasibulla merkar elles stor skilnad frå Afghanistan når det gjeld korleis han vert møtt av pasientane. Der lèt dei legane ta alle avgjerdene, men i Norge vil pasientane sjølv vere med å bestemme kva for behandling og medisin dei vil ha. Det synest Hasibulla er veldig bra, sjølv om det går med mykje meir tid på dette viset.

Etter eit halvt år med indremedisin og eit halvt år med kirurgi ved sjukehuset på Molde, kom tida til distriktstenesta. Valet stod mellom anna mellom Stordal og Rauma:

– Familien hadde vore ein tur til Geiranger tidlegare, og på vegen utover hadde vi stogga ved ein bensinstasjon med ein fantastisk utsikt. Då eg seinare skulle finne ut om dei aktuelle turnusplassane, viste det seg at vi hadde stogga ved Shell-stasjonen i Stordal. Dermed vart valet enkelt, fortel Hasibulla Amiri.

I midten av februar kom så Hasibulla med Hosy (24) og døtrene Leme (4 1/2) og Sena (7 månader) til Stordal. Dei leiger eit hus rett ved rådhuset, og stortrivst med den fantastiske utsikta over fjorden. Leme tok til i barnehagen frå første dag, der ho stortrivst, medan Hosy og Sena førebels er heime. Men med tida har Hosy planar om å studere; kan hende vil ho ta journalistikk, om ho ikkje må reise for langt vekk. For familien trivst godt her:

– Det er svært vakkert her, og Folk er venlege, og vi kan godt tenkje oss å slå oss ned i Stordal, seier Hasibulla, som voner han kan få ei fast legestilling i nærområdet, anten i Stordal eller ein av nabokommunane.