Same namn - nytt innhald

Er det nokon som lurer på kvar det har blitt av Norddal Reiselivslag i kjølvatnet av nykomaren Geirangerfjord - Trollstigen? Laget er oppe og går og har lyst til å bli større.

10. mars 2004
Ingrun Myklebust
Frå venstre Kirsti Indreeide Dale, Agnieszka Jemtegård, Nils Jarle Hjelme, Ove Skylstad og Anders Jørgen Gjerde.
Det har etter kvart blitt klart kva rolle reiselivslaget skal ha etter at dei har blitt ein av aksjon-
ærane i destinasjonsselskapet Geirangerfjord - Trollstigen. Skal det skje noko innad i laget no, må medlemmane sørge for det sjølve. Ove Skylstad er ikkje lenger sekretær, han er tilsett på heiltid for destinasjonsselskapet frå nyttår.
Reiselivslaget er etter dette ein inngangsport til destina-
sjonsselskapet. Alle som vil ha marknadsført si bedrift på messer og gjennom guiden til selskapet, må vere medlem i reiselivslaget. Det same gjeld for å ta del i Fjord Norge sine katalogar, i Innovasjon Norge og for å ha materiell på turistkontora.

Frukostmøte
Frå i år av blir turistkontora drivne av destinasjonsselskapet.
Dei tek seg også av tyngda av marknadsføring for aksjon-
ærane sine. Reiselivslaget betaler 100.000 kroner for at dei skal gjere denne jobben. Kva oppgåver står så laget att med?
– Dei lokale tinga må vi jobbe fram sjølve, seier styremedlem Nils Jarle Hjelme. Han og resten av styret er benka rundt frukostbordet i kjellarstova til Jemtegård Feriesenter. Det er første gong i historia at laget har hatt eit frukostmøte, det vitnar om nye takter.
– Vi må prøve å skape eit miljø der det går an å vere meir aktiv enn før, og samarbeide med andre aktørar og næringslivet, seier leiar Kirsti Indreeide Dale. Ein viktig ting med det første blir å få på plass heimesida norddal.com. På sida blir området og enkeltbedrifter marknadsførte. Der vil bedrift-
ene finne informasjon om dei andre medlemmane.

Blir enklare
Styret har ambisjonar om å få auka medlemsmassa, og vil sende invitasjonsbrev til 50 personar eller bedrifter som dei meiner kan ha nytte av å vere med. Motto for dagen rundt det muntre frukostbordet er « Når havet stig, løftar alle båtane seg».
Det som før kunne verke uoversiktleg blir no enklare, trur dei i styret.
– Før jobba vi mot større marknadsføringsprosjekt. No kan vi konsentrere oss om lokale ting og jobbe med det vi syns er artig, seier leiaren. Ho ser for seg eit samarbeid med lag som blant andre Muri Vel og Sylte Vel, positive tiltak som reiselivslaget vil støtte opp om. Dei som er interesserte i å melde seg inn i reiselivslaget kan gjerne kome på årsmøtet 25. mars, får vi vite. Der blir også styreleiar i destinasjonsselskapet, Kjell Storeide, for å informere om arbeidet.