Ti år med barnehage

– Alle som er på skulen no, har gått i barnehagen her, kjem dei til, borna og dei tilsette i Dalsbygda barnehage. Snart skal dei feire ti-års gebursdag.

17. mars 2004
Ingrun Myklebust
Alle har komt seg ut i snøen. Bakerst frå venstre og tilbake: Susanne Ouff, Anne Maria Nystad, Aslaug Elise Eliassen, Mari Bjørnstad Hjelle, Margareth Orvik Eide, Sarah Nilsen, Ann-Kristin Lunden, Per Monrad Grønningsæter, Lovise Eliassen, Guro Grønningsæter, Arne Relling, Thomas Bjørneberg, Jenny Nystad og Eivind Eliassen.
Dei eldste barna har samlingsstund og øver på songar dei skal underhalde med under barnehagefesten 26. mars. Pedagogisk leiar Ann-Kristin Lunden har snakka med borna om jubileet. Kven har gått i barnehagen desse åra? Både Yngve, Iver, Malin, Steffen, Kristine, Anita, Ane og mange, mange fleire, finn dei ut.
Sjølv om dei lengtar etter matpakkane, syng dei tre songar saman før dei går til matrommet. Det startar med Dyrene i Afrika, og etterpå kjem Mummitroll-sangen og til slutt Postman Pat. Det er ikkje lett å sitje still så lenge, men borna sørgar for å bevege seg litt når dei syng. Somme sprellar med beina, og Arne klatrar opp i vinduskarmen.
Assistent Margaret Orvik Eide har tent på lysa i matrommet, og nistepakkar og matboksar står klare saman med mjølkekartongane. Mari Bjørnstad Hjelle tømer i mjølk i koppen sjølv. Lovise Eliassen ordnar matpapiret sitt fint utover bordet før ho startar på eit knekkebrød. Eivind Eliassen har med bollar i dag, dei går ned utan problem. Arne Hollum Relling fortel han har ete tre skiver, men skorpene blir med heimatt i matboksen.

Dei eldste jentene i barnehagen er femåringane Aslaug Elise Eliassen og Anne Maria Nystad som også blir kalla Anne Maja. Dette er siste året deira, neste år startar dei i første klasse.
– Kva er dei kjekkaste leikane?
– Det er kjekkast å vere inne og leike mamma, pappa, lillesøster og pus, seier Aslaug Elise.
– Vi har gardiner og eit teppe som vi brukar til duk, legg ho til. Andre ting dei gjer er å springe rundt inne, då er gjerne Eivind monster. Men av og til er det nokon som skubbar, det er dumt, då tenkjer eg av og til på ho mamma, og av og til gret vi når det skjer, fortel Aslaug Elise. Men Ann-Kristin brukar å seie at det ikkje er lov å skubbe, seier ho.
Anne Maria Nystad likar seg ute:
– Det kjekkaste som finst er å disse saman med Aslaug og å leike med ho ute. Då kan vi leike at vi er prinsar og prinsesser, seier Anne Maria.
Dei to er ikkje heilt sikre på om det blir kjekt å ta til på skulen, for der har dei lekser og sånt, og det kan lett bli kjedeleg.
– Eg veit at 1+1=2 og at 2+2=4, seier Aslaug Elise og meiner ho er klar for å starte i første klasse.

Etter maten ber det rett ut i sola og snøen. I dag trengst det solbriller i tillegg til alt det andre som skal til for ei vellukka økt i snøen. Aslaug Elise balanserer øverst på innesklia medan ho dreg på seg utedressen. Anne Maja romsterer i hylla for å finne tjukkegenseren sin. Til slutt er alle innpakka og myldrar ut i stivfrosen snø. Det er ikkje snømann-ver i dag, men tidleg-
are har dei laga snømummi, prinsesse, mange snøhestar, ei stor ku og lille My av kramsnøen.

Gudmund Relling er rektor og barnehagestyrar. Norddal var tidleg ute med å få til kombinasjonen barnehage/skule. Før barnehagen kom, tok foreldra borna med seg til barnehagane
i Valldal eller Eidsdal. På skulen i Dalsbygda hadde dei eit leiketilbod ein dag i veka. Dei prøvde å få dette godkjent, men lokalitetane sette ein stoppar for det. Då vart det fortgang i diskusjonen: Vil det bli att born som går på skulen her når dei må gå i barnehage andre stader? Alle tilsette og foreldre ved skulen var einige om at dei ville prøve å få barnehage i Norddal. Og hausten 1993 starta byggearbeidet til ein av dei første banehagane som vart lokalisert saman med skule på våre kantar. Seinare vart dette gjort i Tafjord. Vestnes, Skodje og Stranda kom også til etter kvart. Gudmund Relling seier planløysinga som vart valt nok er den beste. Borna er både i lag og adskilt. Dei har eiga avdeling med eigen inngang og har skulen vegg i vegg. I dei ti åra som har gått, har både Randi Hjeltereie Myklebust og Petter Melchior vore vikarrektor i ein del år. No er Gudmund Relling tilbake i stillinga. Når han blir beden om å sjå på framtida til barnehagen og skulen, ser han at barnetalet er stort nok for dei næraste åra. Men akkurat no er det få runde magar å sjå, seier han. Og det er ei kjent sak, at born må til for å ha barnehage og skule.