Musikkmetta laurdagskveld

Lag på lag med musikk-opplevingar avløyste kvarandre for dei som møtte opp i Stordalshallen laurdag.

17. mars 2004
Ingrun Myklebust
Inna Chriniscka kan kunsten å temme eit piano.
Stordal Hornmusikklag baud inn til konsert, og det var nok ingen som angra på at dei fekk med seg denne stunda. Eit breitt spekter av instrumentalistar og songar-ar inntok scena og overgjekk kvarandre i å imponere med sin musikalitet.
Først ut var Stordal skule-korps. Dei hala galant i land tema frå James Bond, ein frisk versjon av Beatles’ «When I´m 64» og til slutt fengande «American Pie». Det vil alltid vere nokon i eit korps som ikkje har øvd inn alle notane, men når musikaliteten og spelegleda er sterk, blir resultatet godt uansett. Innimellom nummera til korpset fekk utøvarar som hadde vore med i fem eller sju år medaljar for lang og tru teneste.

Sterkt på piano
Hornmusikken hadde fått med seg forsterkingar frå skulekorpset og imponerte stort. Når musikarane trakka til med «Soul Bossanova» svinga det heftig. Dei hadde også grepet om nummer med skiftningar i tempo og stemning som «Gladiatorenes Inntogsmarsj og «Oregon».
Latviske Inna Chriniscka akkompagnerte hornmusikklaget på piano, og overbeviste frå første tone. Saman med Asle Olsen på gitar og Per Magne Øvrebust på bassgitar utgjorde ho og korpset eit vaskeekte storband. Dei leverte mellom anna ein fantastisk versjon av «New York, New York». Også trommis Jeanette Dyrkorn Alne blei trekt fram og vart med rette sagt å vere eit heilt orkester for seg sjølv.

Sangsolistar
Marita Reite Wiik fylte salen med den klokkeklare stemma si i «Feeling» frå filmen Flashdance. Småjenter frå salen dansa til rytmane, det var det naturleg å gjere til denne musikken.
Marianne Ravn Stavseng har ei stemme så varm og fyldig som ein ettermiddagsvind i tropane. Og denne stemma kombinert med Ketil Bjørnstads «Sommarnatt ved fjorden» utgjer ein perfekt symbiose. Programleiar Bjørnar Midtbust sa det treffande då han utbraut at «Det er ikkje noko som er betre enn å sitje å høyre på Stordal Musikklag ein laurdagskveld», med solistar.
Peter Johansen stod for god lyd denne kvelden, og Marita Reite wiik, Lene Busengdal og Marianne Olsen avslutta friskt solonummera med tre abba-låtar.