Den gode smaken er her

Den gode smaken. Det er tittelen på den nye matboka som er utgitt av Abrakadabra forlag i samarbeid med Møre og Romsdal bygdekvinnelag.

24. mars 2004
Randi Flø
Solveig Linge Stakkestad har vore med i redaksjonen for den nye matboka.
Og det har vorte ei flott bok, både når det gjeld innhald og utforming. I tillegg til dei mange innsamla oppskriftene er det rikeleg med flotte bilde, historier og gode råd om matlaging. Dei fleste oppskriftene er gamle og tradisjonsrike. Nokre rettar har fleire ulike oppskrifter, fordi dei er henta frå ulike delar av fylket.
Det er Ellbjørg Reiten frå Nordmøre, Birgit Kvadsheim frå Romsdal og Solveig Linge Stakkestad frå Sunnmøre som har arbeidd med å samle inn oppskrifter til boka.

Kultur
Solveig Linge Stakkestad fortel at dei hadde sitt første møte i februar 2002 etter at dei vart førespurd om å vere med. Det har vorte nokre møte før dei endeleg kunne seie seg ferdige. Ho fortel at verdiforankinga til bygdekvinnelaget er nedfelt i boka, det handlar om å ta vare på matkulturen, og bruke den i dagens samfunn.
Nokre år har det versert nokre hefter med ulike oppskrifter. Då det arbeidet vart gjort, var Valldal bygdekvinnelag aktivt med. Den nye boka har vore ein felles dugnad, der alle delar av fylket skal vere representerte, både kyst og innland. Dei har hatt respekt for dei innsende oppskriftene med namn og late dei stå som dei er.
– Vi ser at det er interesse for mat og matkultur. Det ligg så mange minne rundt det. Mat er noko alle har eit forhold til, ein stor del av boka er også kultur og historie kring mat, seier ho.
Fint med denne boka er det at oppskriftene inneheld berre ingrediensar du kjenner.
– Vi har tenkt at boka skal vere grei å bruke til vanlege rettar, seier ho.
Ho innrømmer at det ikkje har vire råd å prøve ut alle dei ulike oppskriftene, men dei har sjekka så nokolunde når det gjeld forhold mellom ulike ingrediansar til dømes i gjærbakst.
Boka som handlar om den gode smaken har 336 sider i stort format og veg heile 1,4 kilo. Ho er rikt illustrert, med eitt bilde frå kvar kommne i fylket i tillegg til andre bilde.