Læring på nettet

Alle skulane i Stranda har teke i bruk eit nytt nettbasert opplæringsverktøy. Liabygda skule er mellom dei som har kome lengst i bruken av Pedit programmet.

31. mars 2004
Kenneth Strømsøy
Andrea Overå, Jens Erik Lied og Anton Farkvam Mort veit skriv artiklar til klasseavisa. Om artiklane vert gode nok, hamnar dei i skuleavisa. Begge avisene ligg på verdsveven.
Sjetteklassingane ved Liabygda skule held på å skrive artiklar til klasseavisa på data. Når dei er ferdige, trykkjer dei på ein knapp, og vips er artikkelen send over til redaktør og rektor Pål Bjørn Øvrebust. Viss han er nøgd, sender han saka vidare til klasseavisa; elles legg han til nokre kommentarar om kva han eller ho må arbeide meir med. Kommentarane vert tilgjengelege for eleven så fort dei er skrivne.
Men det er ikkje berre lærarane som gir attendemeldingar. Elevane gir også kommentarar til kvarandre på ein del skrivestykke. Kritikken skal vere mest mogleg konstruktiv, og både ros og ris skal delast ut. Slik lærer elevane seg å gi gode råd, og ikkje minst å ta i mot slike sjølve.
Pedit er ei programvare frå Norsk Nettskole, og er mellom anna nytta av Globalskolen. Det fungerer mellom anna slik at kvar elev kan ha si eiga, personlege heimeside, som er verna med passord. Her kan til dømes lærarane gje personlege meldingar til den einskilde eleven. Dernest kan kvar klasse ha si eiga klasse-nettavis, og kvar skule kan ha si nettavis for skulen. I tillegg kan ein ha ei felles nettavis for alle skulane i kommunen. Men Pedit strekkjer seg langt utover å vere eit program for å lage klasseavis:
Pål Bjørn Øvrebust fortel at elevane kan leggje inn skulearbeid heimanfrå, eller dei kan laste ned aktivitetskalenderen, om dei har mist han. Dei har sjølvsagt også tilgang på ein del kunnskapsressursar. Og alt saman er like tilgjengeleg om elevane skulle dra på sydenferie midt i skuleåret. Lærarane kan også følgje med elevane og gje kommentarar, same kvar dei er i verda.
I tillegg kan Pedit nyttast av foreldra. Dei kan til dømes følgje med på kva som skjer av aktivitetar og undervisning, eller lese det som vert skrive i klasse- og skuleavisene. Med tida er det også meininga at dei skal kunne delta meir aktivt med diskusjon og kommentarar.
– Dessverre kan ikkje skulen nytte fullt ut dei moglegheitene som ligg i programmet, sidan ikkje alle har tilgang på internett frå heimen, fortel rektoren. Dessutan burde dei helst ha breiband, så dei kunne vere knytte opp mot nettet heile tida.
– Vi ønskjer også å bruke Pedit til å utvide samarbeidet med dei andre skulane i kommunen, seier Pål Bjørn Øvrebust. Ein funksjon som elevane ønskjer seg, er å kunne chatte («prate») med andre elevar i kommunen, og dette er fullt mogleg. Men rektor tviler på at nett denne funksjonen vert lagt inn, dei chattar nok frå før med dei andre elevane på skulen. Det går unna i raskt SMS-språk, langt unna noko som liknar på normert rettskriving. Men Pål Bjørn Øvrebust er ikkje særskilt uroa:
– Dei fleste er overraskande flinke til å skifte mellom chattespråk og vanleg skriftspråk, og det går stort sett ganske greitt. Men vi ser også at skriftspråket vert ein del påverka av chattinga, til dømes med ein del svært stutte setningar, seier han.