Då båra kom

– Vi vakna av braket frå raset og vi for opp i ei fart. Bror min sa det måtte vere Langhammaren som kom. Vi sprang ut for å sjå, men det var mørkt

31. mars 2004
Ingrun Myklebust
Kenneth Strømsøy
– Eg ber det i bringa i dag også, seier Nils Nerhus om det som hende våren 1934.
Foto: kenneth Strømsøy.
Nils Nerhus ser framfor seg medan han fortel. Han er tilbake til natta 7. april i 1934. Etter at foreldra og syskjenflokken på åtte hadde kome seg opp denne ulukkesnatta, vart Nils ståande att åleine på troppa nedanfor huset på Nerhus i Fjørå. Syttenåringen fann det ikkje bryet verdt å springe oppover mot skogen, han såg at bølgja ikkje kom så langt som han stod. Vassmassane gjekk like høgt som huset på nordsida, men derifrå gjekk dei kvite skumtoppane på skrå nedanfor det. Det var berre det kvite av båra han såg, ikkje noko anna. Lenger inne såg han eit lys som for burt og ned i avgrunnen. Det var huset til Mattis og Sanna. Dei to redda seg ut før dette skjedde, Mattis nådde såvidt i Sanna og fekk ho med seg i sikkerheit før båra kom. Mellom husa til Nils og Mattis stod huset til Ingvald Osvik. Han og familien kom seg ut, men huset for. Nils fortel at denne familien hadde fjøset sitt nede ved sjøen med ei kyr i. Om morgonen gjekk kyra rundt på marka, medan dei kun fann bitane att av fjøset.
Nils Nerhus gjekk ikkje frå huset som familien budde i denne natta. Han hadde inga aning om at sentrum i Fjørå hadde vorte så hardt råka. Der miste 17 personar livet. Fire hus, skulehuset og nausta vart sopa til sjøs. Blant dei døde var det jamaldringar av Nils. Han kjende alle, med unntak av dei minste borna.
Morgonen openberra eit uverkeleg syn.
– Alt låg og flaut på fjorden, skog og alt muleg. Der var senger og det som er i eit hus, fortel Nils. Han hugsa han kika under sengeklede som låg og flaut for å sjå om det var nokon under. Dette var etter at dei hadde fått tak i båt. Under ulukka vart alle båtar borte.
Denne scena må Nils og dei andre som var att etter ulukka bere på heile livet. I dagane etter raset var det tungt å leve.
– Vi hadde ikkje energi til å drive med noko arbeid, fortel Nils. Den første oppgåva som venta, var å renske opp det som låg og flaut i sjøen. Opp i alt dette var det begravelse av dei omkomne. Han hugsar at han kvidde seg for å dra inn att i Fjørå etter ein av begravelsane,
– Det såg så gale ut der inne, minnest han.
For han og familien var det moalaust å sjå kva vatnet hadde gjort med garden. Sjølv om husa stod, var mykje av matjorda borte, det dei skulle leve av. Han kan likevel ikkje hugse at dei svalt i åra som følgde.
Nils Nerhus har ikkje så mykje tru på at det er ein overhengande rasfare no.
Sprekkane i dei to fjellmassane like innanfor garden har han nyleg høyrt om. Han synest fjellfoten ser så fast ut der at det er lite truleg det vil føre til ei større ulukke. Det som kan skje er at det dett ut små hamrar, meiner Nils.
– Eg føler eg kjem ikkje til å oppleve meir slikt, seier Nils på 87.

– Vi tenkjer litt på det

Dei fleste som bur i Tafjord i dag, kjenner berre 1934-raset frå historia. Storfjordnytt spurde to unge tafjordingar om kva tankar dei har kring ulykka den gong og kring rasfaren i dag.
Britt Ingunn Tafjord Walle og Karine Talgø Aass bur i Tafjord. Britt Ingunn er oppvaksen der, medan Karine flytte dit i sjetteklassen. Det er ikkje så ofte dei tenkje på rasfaren, men det hender. (Foto: Ingrun Myklebust.)
Britt Ingunn Tafjord Walle er oppvaksen i Tafjord, medan Karine Talgø Aas er innflyttar. Begge går i niande klasse på Valldal skule. Det er ikkje så ofte dei tenkjer på rasfaren, men det hender.
– Når det ligg mykje snø og det kjem regn, tenkjer eg litt på det, seier Britt Ingunn. Men kjemperas og flodbølgjer, slik som for 70 år sidan, det tenkjer ho sjeldan på – berre av og til, når ho er nede på campingen.
Britt Ingunn har høyrt om ulykka heile livet. Ei av historiene som har gjort størst inntrykk, er om oldefaren: Kort etter ulukka, medan han rodde utover mot Korsneset, dukka det brått ei hand opp av fjorden. Han freista å gripe fatt i handa, men ho vart borte.
Karine hadde derimot aldri høyrt om Tafjord-ulukka før ho flytte til bygda medan ho gjekk i sjetteklassen. Då fekk ho alle historiene, og det var ikkje fritt for at ho vart litt redd første tida. Men det gjekk over, og ho tenkjer ikkje så mykje på rasfaren lenger.
Jentene synest det er bra at ulukka framleis vert markert,
og at folk får vite om det som skjedde aprilnatta for 70 år sidan. Dei har lært lite om ulykka på ungdomsskulen, seier dei, men på barneskulen i Tafjord lærte dei mykje. Likevel var det ikkje så ofte dei tenkte på rasfaren. Derimot tenkte dei mykje på han den første tida etter dei tok til på ungdomsskulen i Valldal, og måtte køyre buss att og fram kvar dag. Med tida har tankane atter funne ro, sjølv om dei framleis dukkar opp.
– Eg ser gjerne opp på sprekkane når det er mykje snø, seier Britt Ingunn.

Stor markering på 70-årsdagen

Det vert stor markering av 70-årsdagen for Tafjord-ulukka 7. april, og både biskop og justisminister er venta til markeringa.
Gro Marita Stennes Valdal og Olaug Rødal lover stor og verdig markering av 70-årsdagen for Tafjord-ulukka. Invitasjon (Pdf-fil 124 Kb)
Det er Tafjord Ungdomslag, Solberg Ungdomslag og Norddal kommune som står bak 70-årsmarkeringa av ulukka i Tafjord og Fjørå, godt hjelpne av det meste av andre lag og organisasjonar i dei to bygdene. Markeringa tek til med kransenedlegging i Fjørå og i Tafjord, før det vert program på Tafjord skule.
Olaug Rødal og Gro Marita Stennes Valdal er med i arrangementskomiteen og fortel at ambisjonsnivået er høgt. Truleg vert det den største markeringa nokon sinne, noko ikkje minst kommunen og ordføraren får æra for. Mange langvegsfarande, prominente gjestar kjem, mellom andre biskop Odd Bondevik, justisminister Odd Einar Dørum, fylkesordførar Jon Aasen og fylkesmann Ottar Befring. Før markeringa tek til, får gjestene lunsj på Muritunet, saman med eit miniforedrag ved Astor Furseth. Frå Fjørå skal dei ta båt til Tafjord, dersom veret er bra.
– Vi har diskutert om vi skulle stå over 70-årsmarkeringa og vente til 75-årsdagen, men det har vorte tradisjon for ei markering kvart tiande år. Dessutan tek dei attlevande frå ulukka til å verte gamle, og det er ikkje sikkert det er så mange att om fem år, fortel Gro Marita.
For dei attlevande skal sjølvsagt vere i sentrum under markeringa. Mellom anna skal Elsa Muldal, Kjellbjørg Brunstad og Ingrid Tafjord intervjuast om korleis dei opplevde ulukka.