|
|
Det var nettopp det dei gjorde på scena på Valldal samfunnshus sist laurdag, framfor nærare 300 personar i salen. Og reaksjonen let ikkje vente på seg, folk flira så tårene trilla. Mang ei dame måtte passe på så ikkje sminka rann utover.
For folk hadde pynta seg og gledd seg til festkvelden, som Valldal Songlag og Valldal Hornmusikklag hadde invitert til.
Då konferiansier Nils Jarle Hjelme hadde namneopprop ein sunnmørsk halvtime etter annonsert start og kunne konstatere at Trond Håvoll var komen, kunne programmet ta til. Valldal Hornmusikklag hadde ein feiande start med Valerius Intrada der nokre av messingblåsarane stod i kvar sin krok bak i salen medan korpset sat framme. Under dirigenten Jan Helge Andreassen spelte dei sidan Big Spender i god storbandstil og avslutta med eit flott Beatles-potpuorri. Dermed tok dansefoten til å bli oppvarma for seinare på kvelden. Koret framførte tre nummer under dirigent Vidar Skogly, der dei var godt samstemte med god innleving.Til slutt var det både koret og korpset som framførte tre nummer saman. Den første Hello Dolly fungerte godt, men dei under dei to siste vart det ein tendens til at musikken var noko sterkare enn koret, slik at vi høyrde best dei stemmene som var nærast mikrofonane.
Side by side
Og så braka det laust med revyen «Side by side». Og opninga var ikkje mindre enn ein fulltreffar med boybandet Gamlegategutane. Dei tok kaka.
Sidan følgde det slag i slag med innslag, korleis det kan gå når det er stor gjennomtrekk av utanlandske legar i Norddal, fekk vi døme på. Anders Rem var lege som snakka gebrokken norsk og engelsk og let som han forstod problema til pasientane. Svein Even Rek skulle ha ein attest, men fekk i staden ein test. Ove Indreeide hadde med seg Torveig Klamdal som tolk, men resultatet vart ikkje betre.
Koret vitsa med seg sjølv og påpeika at gjennomsnittsalderen kanskje kunne vere noko lågare. Eit panel sett saman av Johan Myklebust, Astrid Bakke Andersen og Bjørg Kleppe, i svært høg alder, skulle vere dommarar i opptaksprøva. Der stilte ei frodig dame, ein smørsongar og ei av det meir seriøse slaget. Dommarpanelet var ikkje samde seg imellom, og let etter kvart andre forhold enn den reine songen utgjere kriteria.
Så kom ein artig seanse på den nye golfbana. Einaste elev var den 71 år gamle ungkaren Peder, spelt av Svein Ove Rem som endeleg, etter at mora døydde, hadde selt mjølkekvota og sett pengane inn i golfbana. Denne dagen skulle han lære å spele golf av den italisenke instruktøren Armani, spelt av Per Ove Ødegaard. På bana denne dagen var også eksdirektør og no konsulent spelt av Håkon Myklebust, som imiterte så godt at dei fleste i salen drog kjensel på ein eller annan. Valldal caddysørvis var det Johan Mykelbust som stod for.
Under samtalen på golfbana var det mange tema som vart lufta. Mellom anna at VIL og Norddal kommune har gått saman om å søkje om å få arrangere OL i 2014. Alle dei arrangør-tekniske problema vart løyste der og då. Her var det mange kommentarar og hint i alle retningar.
Festkveld
Det var verkeleg ein festkveld dei fekk til gjennom dette samarbeidet mellom koret og korpset. Dei fleste skode-
spelarane kom også frå eigne rekkjer. Det er flott at nokon gidd å setje seg i sving med eit slikt arrangement, som heilt sikkert har kosta energi. For oss som fekk alt servert, var det mental massasje. Ekstra flott var det at der også var plass til ungdommar under 18 år. I salen på samfunnshuset denne kvelden var det folk i alle aldrar, alle fasongar og med alle slags bakgrunnar. Slikt er sunt på alle måtar.
Noko kunne kanskje vore oppstramma og nokre vitsar, som vi har høyrt før, kunne sikkert vore kutta ut, men denne gongen skal vi la vere å gulpe opp magesyre frå Gamlebanken.
Det er å vone at det blir fleire slike arrangement. |
|
|
|
|
|