|
|
I det vesle klubbhuset til Stordal Båteigarlag sit tre muntre båteigarar og fortel ivrig om utviklinga på småbåthamna. Peder O. Hove er leiar i Stordal Båteigarlag, medan John Peder Hove er nestleiar og Johan Vinje er sekretær. Dei tre fortel at svært mykje av arbeidet er gjort på dugnad. Men kommunen har også stilt villig opp, og har mellom anna bygt den nye moloen. Til saman har kommunen bladd opp kring ein million kroner, medan SND trekte 650.000 kroner opp av hatten
Sørvisbygg
Det neste store steget for småbåthamna, er eit sørvisbygg for båtfolket. Etter fleire dugnader er no betonggolvet på plass. Når fagfolka har fått opp tak og vegger, er det tid for nye dugnader. Og dersom dugnadsinnsatsen er på topp det er han visst heilt sikkert er sørvisbygget klart til sommaren.
I første høgda i sørvisbygget skal det vere opphaldsrom, kjøken, dusj og toalett. Dermed kan så båtfolket få varma seg, lagd ein matbit og teke ein dusj. Toalettavdelinga får eigen inngang, og mest truleg vert det mynttoalett slik at forbipasserande kan stikke innom om trongen skulle melde seg.
Det mest nyskapande ved sørvisbygget, vert andre høgda. Her skal det lagast til to husvære som skal leigast ut, anten til båtfolk, til laksefiskarar eller til andre. Det eine husværet vert noko større enn det andre, og her vert det stor veranda med utsikt over fjorden. Det andre husværet vert litt mindre, og får veranda i halv breidde med utsikt over elveosen og campingen. Til saman får dei to husværa eit areal på kring 100 rutemeter.
Farleg bading
Elles er dei tre båteigar-karane opptekne av å få fram at det kan vere farleg å bade i småbåthamna, sjølv om det ser aldri så trygt ut.
Her er mellom anna fullt av straumkablar og lodd, og vi har allereie hatt ei nestenulukke, fortel Peder O. Hove. Johan Vinje legg også til at det har vist seg å vere mykje gift i småbåthamner, men presiserer at dette truleg berre gjeld i svært liten grad for hamna i Stordal: Hamna er for ung til at det kan ha samla seg opp så mykje gift, og den målinga som vert brukt på båtskroga i dag er langt mindre giftig enn før.
For å få dei badande bort frå sjølve småbåthamna, har båteigar-
laget vore med å få til ei lita badevik nærare elva. Dette har førebels vore mislukka, mellom anna fordi det ikkje er djupt nok, og fordi somme meiner det er for kaldt der.
Ikkje kaldt i badevika
Det er heilt feil at det er kaldare i badevika enn i småbåthamna. Vi har teke målingar, og det viser seg at det er same temperaturen i vatnet i badevika som i småbåthamna, hevdar Peder O. Hove. Han seier det berre er dei par øvste millimetrane som er kaldare, og forklarer at dette er det ferske elvevatnet som legg seg over det salte fjordvatnet. Men rett under overflata er vatnet og temperaturen likt med det som er elles i området.
Men båteigar-karane forstår godt at den vesle badevika er litt puslete for dei fleste. På oppmoding frå kommunen har dei derfor utarbeidd eit forslag der ho vert gravd ut og utvida sørover mot den gamle elveosen. I tillegg ser dei for seg at ein kan rydde denne elveosen og få ein flott badeplass for dei minste, medan dei større bør få ein stupeplass i to høgder ved den vesle moloutstikkaren. Framlegget er for tida til handsaming i kommunen, og rett etter påske skal det vere synfaring kan hende med båteigarstyret som testbadarar...
|
|
|
|
|
|