Påske på Overøye

Finaste vêret kom siste dagen i påska, og på Overøye var det berre blide og nøgde menneske å treffe.

14. april
Kenneth Strømsøy
Lotte Lillebø storkosa seg med pappa og rattkjelken i bakkane på Overøye.
Andre påskedag var det framleis godt med snø på Overøye, og i alpinbakken var det berre blide menneske å finne.
Nedst i bakken finn vi Lotte Lillebø (3 år) og pappa frå Ålesund. Dei har teke seg ein pust etter hektisk aking på rattkjelke, og er strålande nøgd.
– Vi har ikkje vore her så mykje før, men vi kjem til å kome oftare i framtida. Dette er jo det næraste alpinanlegget for oss, og vi slepp å ta ferje. Og så er det framleis godt med snø her; det er det ikkje alle stader, meiner pappa.
Storesyster Kine (7 år) har fått slalåmski på beina for første gong, og har det så travelt at mamma knapt rekk å følgje med. Ho stormar bort til tautrekket så raskt ho er nede, og kastar seg utfor med ein gong ho er oppe. Utforturen går i rasande fart, men berre ein sjeldan gong går ho over ende.
Ein anna snøblid familie er Hjelle frå Gursken på ytre søre. Dei var på veg heimover etter påskeferie på Hotel Union i Geiranger. Dei hadde dei hatt ei strålande påske, med bading på hotellet og langrennskos i dei preparerte løypene kring Gråsteinmyra. På heimover-
vegen ville dei prøve «nedoverskia» og svinga opp til Overøye. Dei hadde aldri vore der før, og vart gledeleg overraska. – Her kjem vi attende! Kvar går vi for å kome til Fokhaugstova? lurte dei.
Styreleiar Olai Nakken i Stordal Alpinsenter fortel at dei er godt nøgde med påska, sjølv om det vart svært varierande vêr. Totalt sett har heile sesong-
en vore god, og med snøen som kom no i påska, vil dei halde ope endå ei veke eller to.