Stor oppslutning om minnemarkeringa

Ein mild soldag sette ramma for markeringa av rasulukka for 70 år sidan.

14. april
Ingrun Myklebust
Jusrtisminister Odd Einar Dørum lovte å gjere sitt for å få i stand samarbeid om rasovervaking.
Minnesteinen for dei som døydde i Fjørå var første samlingspunkt. Det var mange frammøtte som var vitne til at justisminister Odd Einar Dørum la ned krans ved støtta. Ei gruppe frå Valldal Hornmusikklag spelte.
Etter at dei spesielt inviterte gjestane hadde nådd Tafjorden i båt, la justisministeren ned krans ved støtta i Tafjord. I talen sin lova han å få til samarbeid om skredsikring. Blant gjestane som fekk sett rasstaden frå sjøen var forutan justisministeren biskop Odd Bondevik, Fylkesmann Ottar Befring, Fylkesordførar Jon Aasen og administrerande direktør i Tafjord Kraft Sverre Devold.
Etter kransenedleggingane samla bygdefolk og gjestar seg i gymsalen ved Tafjord skule. Eit fullsett lokale fekk presentert eit program med sekvensar som gjorde inntrykk.

Born frå Tafjord og Fjørå starta med å synge Tafjordsongen saman med Guro Tafjord og Frank Iversen. Deretter skildra Kristian Ruset dei siste timane før Langhammaren fall:
– 03.00: Langhammaren står i profil i den siste augneblinken. Så er han borte. Steinstøv i lufta, rokk i sjøen, blålige lyn av høgspentmastrer som kortsluttar. I eitt hus var det ein son som fann redninga, dei andre måtte dø.
Astor Furseth fortalde og viste bilete frå bygdene som vart ramma av raset. Han opererte med tidsskillet før og etter ulukka. Tilhøyrarane fekk høyre om seterjentene i Heggurddalen som stadig måtte lage nye stokkar for å kome over sprekken bak Langhammaren, etter kvart som han utvida seg. Og om dei seks som stod på Haugsteinen i Tafjord og redda livet, medan bølgene rakk til midja og ragnarroket gjekk føre seg rundt dei. At Aftenposten og ikkje myndigheitene var den mest sentrale i hjelpearbeidet etter ulukka, ga mellom andre justisministeren noko å tenkje på.
Etter kaffi og kaker song Jenny Helen Voldsdal akkompagnert på gitar av Kristian Vike. Dei framførte nummeret, «Det er makt i de foldede hender».

Magnus Kaldhusdal og Alida Kilsti las diktet «Heimbygda vår», etter Kristine Tafjord, ei av dei åtte borna i skreddar-
familien som omkom under rasulukka. Fride Helen Almstad las diktet «Under bergfallet» av Olav H. Hauge.
Tre som var unge i 1934 presenterte sine heilt personlege inntrykk frå det som hende. Elsa Muldal, Jonny Lyse og Kjellbjørg Brunstad, fødd Rødal, var mellom sju og elleve år då raset gjekk. Det var stilt blant dei over to hundre tilhøyrarane då Jonny Lyse skildra korleis han berre så vidt redda seg unna vassmassane i Fjørå. Han miste foreldre, søster, onkel og bestefar denne natta. Kjellbjørg Brunstad avslutta forteljinga frå Tafjord med eit håp om at tilhøyrarane slapp å oppleve ei slik natt.

– Dokke må passe på oss, var Elsa Muldal si oppfordring til myndigheitene som var til stades på minnemarkeringa. Arrangørar for tilstellinga var ungdomslaga i Fjørå og Tafjord, i samarbeid med Norddal kommune.

Dørum blei informert

– De har vore svært tydelege, sa justisminister Odd Einar Dørum under miniseminaret i forkant av 70-årsmarkeringa av Tafjord-ulukka. Han fekk informasjon om rasulukkene før og rasfaren no.

Seminaret var ledd i eit tett program for dei som var spesielt innbedne til minnesmarkeringa 7. april. Fritidsgeolog og historikar Astor Furseth informerte om dei store rasulukkene opp gjennom tida. Fylkesgeolog Einar Anda peika på at skreda utgjer ein trussel andre stadar enn på vegane og at fjellskred og snøskred står for dei største tapstala av menneskeliv på Vestlandet i århundret vi har bak oss. Han informerte justisministeren, biskopen, fylkesmannen, fylkesordførar og andre om dagens rasutsette fjell.

– Dette kan godt vere det nye Tafjord-skredet, sa Einar Anda, og viste bilete av den inste blokka som viser teikn på å rase ut i Tafjorden. Han avslutta med å seie at ingen har ansvar for denne risikoen.
Odd Einar Dørum tok opp hansken:

– Du har eit kjempepoeng, denne biten har ikkje vore synleggjort nok. Ein må sortere kva myndigheiter som skal samverke. Fylkesmannen kan kanskje teikne ein samverkemodell, sa Dørum.

Også Jan Høst frå Norges Geologiske Undersøkingar kom med innrømingar:

– Vi har fått ei ny erkjenning; vi har teke for lett på eit stort problem som fjellskreda er, sa han. NGU er i ferd med å rette på dette ved opprettinga av ein skreddatabase, der mellom andre Astor Furseth har vore sentral bidragsytar.