|
|
Det er Nils Eldar Linge ved Indre Sunnmøre Forsøksring som opplyser dette. Han trur nok det er muleg at eit og anna plommetre ved ein vegg blomstrar elles i landet også, men ikkje tre i hagar.
Fruktdyrkar Sigurd Linge har ikkje tidlege plommesortar, men nokre av morelltrea er allereie i full blomst. Han synest å hugse at blomstringa var om lag like tidleg i fjor, då var det også ein varm og fin vår. Men tidlegare år har det gjerne vore problem å finne grønt lauv til 17. mai. I år er lauvet på dei fleste treslaga i ferd med å sprette, ein månad før. Også i Lingåsen, på 200 meters høgde, er det grønt lauv på bjørka, fortel Sigurd.
Kva om det kjem ein kuldeperiode no, vil det føre til store skader?
Det skal noko til, meiner Sigurd Linge. Han forklarer at dei forskjellige sortane blomstrar til ulik tid, ein kulde-periode vil i alle fall ikkje gå ut over alle sortar. Det som er sikkert, er at veret har ein lite kontroll over...
Veret imponerer så langt i april. Varme dagar har ført til stor snøsmelting og raskt tempo på alt det grøne som gror. Lars Petter Tafjord opplyser at det enno ikkje er snakk om varme-
rekord for månaden, då skal ein opp i grader over 20. I går ettermiddag låg temperaturen i Tafjord på 16,5 grader. Gunnhild Tafjord som målte sa at då var sola knapt ute, så truleg ville termometeret vise endå høgare temperaturar i løpet av denne dagen. |
|
|
|
|
|