Like før fem

På Storås Handel i Norddal går det an å finne fram utan kart. Rundt kassa går praten.

21. april
Ingrun Myklebust
Petter Melchior framfor disken og John Kåre Storås bak disken.
– Eg fekk to flasker geitemjølk for noko sidan, og det gjorde meg så godt, seier kunden ved kassadisken. Han har fått butikkeigar John Kåre Storås til å bestille små kartongar med det kvite vidundermiddelet, og fyller opp eit plastnett.
– Dei er fem kroner stykket, seier John Kåre, og lurer på om ikkje kunden like godt kan tenkje seg å ta seg ein tur til naboen Petter og melke rett frå spenen. Spøken får fram eit lite smil hos kunden, berre eitt av svært mange smil som landhandlaren må stå til rette for i løpet av ein dag.

Han har nettopp fått hjelp i butikken. Skulen er over og femtenåringane Oda Beate Nygård og Jens Lunden Storås er i sving blant reolane. Veka etter påske er som vanleg roleg, det er mest meieri- og ferske kjøtvarer som er bestilte inn og skal i hyller. Jens har fått ny, mørk hårfarge og kommentaren frå John Kåre uteblir ikkje:
– Driv dokke og hermar etter kvarandre? seier han og legg merke til at ekstrahjelpa hans har fått svart hår.
– Vanlegvis har dei lyst hår, og så kjem dei inn den eine etter den andre med mørkt hår, seier John Kåre. Ingebrigt Midthjell, ein ung milkshake-kunde, får ansvaret for å vere trendsettaren for mørk hårfarge. Han samlar saman mjølkeprodukta i ei fart og drar vidare.

Før fredagskundane tek til å strøyme til, får John Kåre Storås tid til å forklare litt om bakgrunnen for nokre av bilda han har hengande. Den ivrige hobby-fotografen rammar inn produksjonen sin og sel han i butikken. Etter kvart vil han finne ein betre utstillingsplass,
kanskje på veggen ved kassa. Så får turistar og andre nyte bilde av Dyrdalsfossen, eit skispor eller ein Norddals-hage med oppmura terrassar. Det nære blir ofte det beste, men det er å oppdage det då...
– Ein ser det gjerne når det er kome ned på papiret, seier fotografen.
Når han ikkje held hjula i butikken i gang, er han rett som det er å finne i kajakk eller på ski, fortel han. John Kåre ser på seg sjølv som priviligert som kan få bu i Norddal. Om ein vil vere her, må ein skape sin eigen arbeidsplass eller pendle.

Øyvind Hegstad frå NRK Møre og Romsdal er innom butikken og har med seg ein turist. Turist nummer to sit ute i bilen. Hegstad kjem frå fylkestinget i Geiranger og hadde god til til neste ferje.

Telefonen ringer, og det er frå Teatret Vårt. Dei vil sende ein fax. John Kåre gir sine instruksar til Oda Beate i kassa:
– Når du høyrer den lyden der; prrrr, må du ikkje røyve telefonen, då er det fax og då kan forbindelsen bli broten, seier han. Landhandlaren er ein smule overgjeven og synest det har vorte litt av ein mediedag. Først Storfjordnytt, så NRK og no Teatret Vårt..
Medan faxen tikkar inn kjem ho som skal ha han.
– Har det komt ein fax til meg? spør Marit Rønneberg.
– Får du rolla no då? spør John Kåre Storås.
– Nei, eg får nok lage mitt eige teater, ler Marit. Ho forklarer at dottera Elisabet skal ha arbeidsveke hos regionteateret, og no er det snakk om å få oversendt turné-lista, som av ein eller annan grunn er borte, på fax.

Pensjonist Per Melchior har funne seg ein plass ved kafebordet under tv-en. Han skrapar lodd.
– Eg er nedover ein tur kvar dag, det er ikkje noko å styre med heime denne tida, seier han og stadfestar at denne veka er roleg i forhold til korleis det var før påske.
– Det var ikkje råd å gå inn her då, seier han og skildrar køen. John Kåre kan fortelje at sjølv ikkje dei mest folkerike sommardagane kan måle seg med påskebesøket. Men sommaren er feriegjestane fordelte over lenger tid.
– Det er her dei handlar alle, fortel Per Melchior.
– Og så drar dei utover når det er noko butikken her ikkje har. Det er godt grøntutval her, sjølv folk frå Eidsdal kjem hit for å handle, seier han.

Klokka nærmar seg fem, og butikken fyllest opp med folk. Oda Beate i kassa må få hjelp frå sjefen til å ta seg av tippedisken. Petter Melchior leverer inn vekas kupong for tippeklubben Upper Ten. John Kåre Storås er også medlem der, og forklarer hjelpsamt og lett sarkastisk korleis det står til med statusen for klubben. Om utlegga som gjennom åra har kome på fleire hundre tusen, og om inntektene som ligg på sirka 5.000 kroner.

Bilane står tett på parkeringsplassen utanfor Joker-butikken som før var heilt tom. Klokka går mot fem, det er fullt rundt kassa av folk som kjenner kvarandre, ei ny april-helg er berre fem minutt unna.