Fantasi, galskap og humor

Næroset var ei bygd som dei unge ville flytte frå, og der skulen skulle leggast ned. Etter store porsjonar med fantasi, galskap, humor og mot, er alt snudd opp ned.

5. mai
Ingrun Myklebust
Tom Åge Myhren frå Via Fantasia leidde forsamlinga gjennom ein dag med idegnistring.
Den vesle bygda i Ringsaker hadde 1170 innbyggjarar i 1999. Då kommunen ville leggje ned skulen, starta mobiliseringa. Ved hjelp av det uvanlege konsulentfirmaet Via Fantasia erklærte bygda seg som fristat og bygdeutvalet vart regjering med mange ministerpostar. Sjølvmedisinering med store porsjonar av ingrediensane fantasi, galskap, humor og mot har snudd utviklinga i bygda som døypte seg sjølv om til Lucky Næroset.
Søndag fekk innbyggjarar i bygda Norddal same medisinering. Tom Åge Myhren frå Via Fantasia hadde med seg flasker med innhaldet. Han var henta inn av Norddal Utvikling til ein dag med bygdebegeistring og idegnistring. Ideane kom. Etter å ha blitt fortalt om bygdeunderet Næroset og dei utradisjon-
elle metodane som konsulentane i Via Fantasia representerer, sette norddalingar og eidsdalingar i gang med å sjå på eigne bygder. Dei frammøtte vart delte opp i grupper som tok for seg organisering, begeistringsaktivitetar og synleggjering. Av resultatet
nemner vi:
- Turistfella; eit muleg namn på nettstad eller prosjektet.
- Bilderamme som skal stå på Linge vendt mot
Norddal: bildemotiv ferdig innramma.
- Sluse: folk kjem inn til Norddal, men ikkje ut att.
- Ambassadørkorps med representantar rundt i landet.
- Baktalings-ansvarleg, nødtelefon for baktaling, baktalingssenter og baktalingsseminar.
- Gastrofottur: eitslags mattur. Høneplukking
- Høymoltrekking
Leiar i Utvikling Norddal, Petter Melchior, seier i etterkant at det verkar som alle syntes samlinga var artig og nyttig.
– No må vi sjå om vi greier å behalde gløden frå i går ut veka, seier han. Gjennom dagen fekk dei innføring i at det er viktig å marknadsføre seg for å bli sett, at merksemda ein skaper først vil gi utteljing seinare. Og ein må gjere ting som andre ikkje har gjort. Situasjonen for dei som bur i Norddal er at dei fleste allereie har mange ballar i lufta. Ein kan kanskje bruke dei nye ideane i det arbeidet ein har i dag, konkluderer Petter Melchior med.

Kva har skjedd i Næroset?

Det som var bygda Næroset har blitt til fristaten Lucky Næroset. Ein stat med eiga regjering og ymse ministerpostar. Ein fann ut at ministerpostar blir fylte og tekne på alvor på ein annan måte enn styrepostar i eit bygdeutval.
- Helseministeren skal helse på alle nye som kjem. Han sørger for at alle nytilflytta får helse på dei som det er nyttig for dei å treffe.
- Kan-kan-ministeren held greie på kva alle i bygda kan. Det viste seg at ein kan mykje i Næroset.
- Fantasiministeren leier Fantasi-
departementet. Dei held til i eit seks-
kanta, nyoppsett fyrtårn i skogen. Huset er grenselaust på mange måtar. (Du kan lese meir om det på www.lucky-naeroset.net)
- Lycky-regjeringa har vedteke at Lucky-Naeroset skal vere ei sutrefri bygd.
- Ein gut fann på at dei kunne konstruere ein underjordisk flyplass for ukjende eksistensar som ventar på landingsplass. Det vart gjort. Folk kjem i tusenvis for å sjå det tre meter lange bananforma holet i jorda. Flyplassen er godt skilta. Informasjons-
sjefen ved Oslo Lufthamn kom til opninga, det gjorde også presse og to TV-kanalar.
- Juletremuseum. I eit mørkt lokale utan lys står no 20 knusktørre juletre utan nåler. Mellom andre Kjell Magne Bondeviks juletre, og julegrana frå Gjøvik. Busslastar betaler for å kome inn.
- Lucky Næroset fann ut at bygda er eit midtpunkt, det magiske mjøssenter. Dei sette i verk ein skiltplan, og vil ha opp 100 skilt i verda som skal peike til Næroset. Det er første er oppsett i Kuala Lumpur, Malaysia, etter stort medie-oppstyr og møte med statsministeren der.
- Lucky Oppleving står for opplevingsbiten. I staden for badeland har dei laga vasseland som del av eit spa-prosjekt. Folk som kjem til Næroset kan vasse i pengar - i ein liten stamp med myntar og vatn. Spaet har også tilbod om gråsteinskosing. Steinar får namn, blir varma opp og kan kosast med. Produktet blir selt til næringslivsgrupper. Om dette produktet blir det sagt: «Når du får følelser for ein stein, kan du prøve deg på ein hedmarking etterpå...». Meitemarklytting og stubbestussing (sitje og tenkje på ein stubbe så lenge ein vil) høyrer også med til spa-tilbodet.
- Eit lufttapperi tek vare på den spesielt kreative stemninga i Næroset og tappar ho på flasker for sal. Produkt-
et heiter Næroset Lucky Luft.
- I Lucky Mat er 17 personar engasjert i matproduksjon.
- Næringssjefen i Næroset melde om overkreativitet og såg løysinga i å eksportere kreativitet. Dei fann ut at folk frå verdas rikaste land kunne hjelpe folk i verdas fattigaste land. Sierra Leone har i dag fått ein skule frå bygda og midlar til eitt års drift.
- 15 til 20 bedrifter vil til Næroset. Forsikringsselskapet If er blant dei interesserte.