|
|
Årets sykkeltrim i Stordal samla mange, kanskje som eit resultat av kombinasjonen trimglede og fint ver.
Adrian Nakken (10) hadde sett seg sjølv på ein styrkeprøve, nemleg å frakte broren Ådne på snart fire år bakpå Intruder-sykkelen. Adrian har vore med på mange sykkeltrimmar før, men aldri hatt passasjer som i år. Han syntes det gjekk greit å sykle den om lag halve mila frå sentrum, kun siste stigninga før bedehuset på Moe var litt hard. Etter å ha hjelpt Ådne ned frå sykkelen og av med hjelmen, var det berre å vente på resten av familien. Fem til ti minutt etterpå kom dei, og med alle samla, ville Adrian vidare i programmet. No var han klar til å kjøpe lodd.
Inne i bedehuset var det kø både framfor lotteri-disken og framfor svele- og kaffiluka. Svelene gjekk unna nesten fortare enn Magna Jøsvoll kunne steikje. Styret for bedehuset får inn mellom 5 og 6.000 kroner på matsalet, det utgjer hovudinntektskjelda til huset. I år med så godt frammøte på sykkeltrimmen til allidrettsgruppa, er det håp om å få inn i overkant av dette, opplyste Ivar Moe, medlem i husstyret.
Til forskjell frå i fjor varma sola og skapte fine uteforhold under sykkeltrimmen. Det var godt å sitje i solveggen med ei svele i handa og snakke med fornøgde syklistar. |
|
|
|
|
|
|