Skarpe frontar

Fleirtalet i Stordal kommunestyre ville ikkje godta at landbrukskontoret skal vere sekretær for landbruksrådet.

12. mai
Randi Flø
Peder Holt heldt eit sterkt innlegg for å ha landbrukskontoret som sekretariat for landbruksrådet.
Fleirtalet utgjorde dei åtte representantane i Høgre-gruppa i tillegg til Jonas Falch frå Framstegspartiet.
Det var i samband med at kommunestyret skulle godkjenne vedtektene til det nyleg oppretta landbruksrådet i Stordal at det utvikla seg til ein skarp debatt, som gjekk nettopp på om rådet skal bruke landbrukskontoret til sekretariat.
Stordal landbruksråd er eit samordnande organ for landbruksnæringa i Stordal kommune Formannskapet har tidlegare gitt positiv tilbakemelding med omsyn til stifting av eit samord-
nande organ for landbruksnær-
inga ved Stordal bondelag, Stordal sau- og geitalslag, Stordal beitelag, Stordal skogeigarlag og Stordal elveeigarlag. Føremålet med rådet er mellom anna å vere høyringsorgan i plansaker som er av betydning for landbruksnæringa.
I sakspapira vert det sagt at rådmannen då ser at det vert vanskeleg for kommunen dersom landbrukskontoret som i utgangspunktet skal vere saksbehandlar i plansaker også skal vere sekretær for rådet. Dette blir litt for mykje «bukken og havresekken». Det er rådmannen som er leiar for landbrussjefen, og rådmannen ønskjer ikkje ope å sjå at landbrukstenesta, som kommunal teneste gjer seg inhabil i plansaker. Landbrukssjefen kan ikkje samstundes som han sit som kommunal saksbehandlart også sitje som sekretær for interesseorganisasjonar.

Næringsutvikling
Peder Holt (Sp) var den første som tok ordet under denne saka. Han tok utgangsgpunkt i næringsutvikling, å medverke til det er grunnleggjande viktig og nødvendig for Stordal i åra framover. Senterpartiet ser det som konstruktivt å ha ein open og god kommunikasjon mellom kommunen sine representantar og tillitsvalde for næringsorganisasjonar i kommunen. Begge partar vil kunne ha god nytte av det.
– Ein vil då på eit tidleg stadium i førebuing av saker kunne gi innsyn i kvarandre sine synspunkt, og vere forum for å finne fram til gode forslag til løysingar. For tillitsvalde for næringsorganisasjonar i landbruket vil jordbrukssjefen kunne vere ein svært verdfull informant om offentleg regelverk og kva tilbod og muligheiter næringa kan få nytte av, sa Holt.
Han viste til at som følgje av justeringar i nemndstrukturen i ein del kommunar her i fylket har mellom andre Tingvoll, Averøy og Sunndal landbruks-
råd. I alle desse tre kommunane er jorbrukssjefen sekretær for rådet. Holt refererte også til ein jurist i fylkeskommunen som ikkje kan sjå at landbrukssjefen vil bli inhabil i behandling av kommunale saker som sekretær for landbruksrådet i Stordal. I tilfelle det skulle dukke opp slike saker, kan det vurderast i kvart tilfelle. Det kan gjelde saker han kan ha personlege interesser i.
Holt minte også om at kommunen i 2004 har fått 289.000 kroner frå departementet som er øyremerkte til landbruksforvaltning. Han tok også til motmæle mot at innsparinga ved å leggje ned nemnda for fritid og landbruk vil gå tapt med landbrukssjefen som sekretær for det nye rådet. Dette gjeld eventuelle møtekostnader for ein person i staden for fem.
– Ved si stemmegjeving i denne saka vil dei ulike representantane vise si haldning til nærings-utvikling for eksisterande næringsliv i kommunen, avslutta Holt.

Uheldig kopling
Ordførar Charles Tøsse (H) var ikkje samd i dette. Han såg på landbruksrådet som svært positivt og peika på at det ligg ei felles interesse i å utvikle landbruket lokalt. Han meinte også at landbrukssjefen kan eller bør måte i rådet, men at det er ei uheldig kopling at han er sekretær i rådet og saksbehandlar i kommunen i same sakene.
– Dessutan kan dette gi eit signal til andre organisasjonar i kommunen, kanskje Stordal idretts-
lag kan forvente og krevje at kulturkonsulenten vert sekretær for idrettslaget, sa Tøsse og viste til Dyrhaug i fylkeskommunen som også meiner dette er ei uheldig kopling.
Per Ivar Skodjerete (Sp) syntest ikkje Høgre sine argument var spesielt gode og meinte det er stor skilnad mellom å samanlikne idrettslaget som ein frivillig organisasjon og landbruksrådet som representerer næringslivet i kommunen. Han viste til at Landbruksdepartementet har laga ein rettleiar for behandling av plansaker der landbruksrådet skal inn i bildet.
Asgeir Hovde (Ap) viste til at Klokkehaug er jordbrukssjef for tre kommunar, der ein veit at landbruket har gått tilbake.
– Det vil ikkje koste oss noko å ha han som sekretær, eg kan ikkje fortså at det ikkje går an her når det går an på Nordmøre, sa Hovde.
Vigdis Hove Øie (H) syntes også det er positivt med eige landbruksråd. Ho minte om at Stordal kommune har bidrege mykje til næringshagen, dei som er etablert der, har alle fått støtte frå Stordal kommune, og ho oppmoda om å ta kontakt med næringshagen om sekretærfunksjon.
Skodjereite trudde det vil bli oppfatta som negativt i næringa at kommuenn ikkje vil vere med.
Ingrid Løset meinte at landbruksrådet på sikt vil avlaste kommunen i arbeid.