Sykkeltur i sommarver

Den knallgule fargen slår i augene, denne sykkelen kan ikkje vere gammal. Og når eg spør, får eg vite det, han vart kjøpt i går.

12. mai
Ingrun Myklebust
Fornøgde syklarar nyt sommarvarmen på stadion.
Det er sykkeltrim i Valldal, og dei fleste har kome seg til stadion på Omenås. Den glade eigaren av ny sykkel er Lakshan Ravi på åtte år. Han har hatt syklar før, men frå å starte på fem- og seksgirs sykkel, har han denne gongen avansert opp i ein 24-girar.
– Eg synest den er svært presis når vi skal på tur. Han fer veldig fort på tredje giret når ein skal sykle to rundar i full fart, seier Lakshan. Dei fleste sykkelturane går frå der han bur i Murihøgda, opp til onkel og vennar. Dette er hans tredje deltaking i sykkeltrimmen. Frå sentrum til stadion sykla han saman med Runar og mange andre, fortel han.
På stadion er det utekafe og ikkje ein ledig stol å oppdrive i solskinet. Etter at syklistane har kjøpt seg vaflar og is, er det tid for å sjå på sykkelkunstnarar. Norddal
Trialklubb har mange aktørar som beherskar eitt- og tohjulingar betre enn dei fleste. Tribunane på stadion blir tekne i bruk på ein litt uvanleg måte, nemleg til sykkelklatring.
Etter trekning av premiar til mange spreke fjelltrimmarar, er det tid for å få vite kven som har vunne syklar. Trekninga på barnebillettane viser at Aleksander Dalebø blir eigar av ein 16 tommars sykkel, og på vaksenbilletten blir Finn Waldal vinnar av ein 18 tommar.