17. mai i sol, vind og regn

Dagen starta med lette skyer og sol. Folk fekk på seg finstasen. Mange stilte i toget i bygda si. Etter kvart auka vinden på og retta ut flagga. Og med vinden følgde regnet, men då hadde dei fleste gjort unna uteaktivitetane. Det vart ei tradisjonell feiring av nasjonaldagen i bygdene i indre Storfjord.

19. mai
Randi Flø
Ute regna det, inne var det koseleg. I Stordalshallen var det underhaldning og mat, i Grendasalen var det aktivitetar for ungane.
To flotte jenter i Geiranger (frå venstre: Inga Synnøve Vinje og Karoline Meråk) kunne fortelje at toget gjekk frå Hydro opp til kyrkja der det var gudsteneste og så flytta folk seg opp til Gildetun der det var mat og program.
Yalini Vellupillai og Vilde Gjerde Lied er ferdig med toget i Liabygda.
Toget i Norddal starta i sol og vind.
Toget i Eidsdal fekk regn på turen opp til skulen, men vi høyrde hurrarop. Eidsdal musikkorps spelte bra i Geiranger, Norddal og Eidsdal.
Fjørå skule samla i tog for siste gong.
Toget i Tafjord går gjennom Fundergata.
Først i Fjørå, så i Tafjord, no er dei klare til å stille opp i toget i Valldal.