|
|
Dei to frostnettene ser ikkje ut til å ha hatt betydning for jordbærplantene, sidan blomstringa ikkje har teke til enno. Sjølv om ein finn ein og annan blomst no, er det ikkje før i starten av juni det startar for fullt dei fleste stadene. Døving seier det låg an til å bli tidleg, men det kjølege veret bremsa utviklinga.
Snøfallet har heller ikkje gjort noko med jordbærplantene, væta gjorde faktisk godt.
Modningstida er avhengig av veret no framover, og normalt startar sesongen midt i juli, seier Døving, som reknar med at det blir eit normalår for jordbær, dersom ikkje noko uføresett skulle skje. Eit normalår vil seie det same som i 2002.
I fjor vart avlinga redusert på grunn av vinterskadar. Det var innmeldt større areal enn året før. Ein del måtte plante til att på dei areala som vart mest skadde. Og gamle planter som overlevde, men vart skada, vil bere preg av det også i år.
Det som plagar oss no, er veret, det er vanskeleg å få køyre traktor utpå åkrane. Når arbeidet vert forseinka, vil også utvikinga verte forseinka, seier Døving.
Meir tungvint papirarbeid
Det er rekna med at det kjem om lag like mange utanlandske plukkarar til bygda som det har vore to-tre siste åra, rundt 500.
Fleire polakkar er allereie komne for å ta del i lukearbeidet. Ein del jordbærdyrkarar klagar over at papirarbeidet har vorte meir tungvint. Polen vart medlem i EU frå 1. mai, og dette skulle eigentleg forenkle det. Døving seier det har vorte meir papir no, men reknar med at det er på grunn av at dei ikkje har erfaring med den nye søknads-
prosessen. Før var det Aetat som tok imot søknadene, dei sende dei vidare til politiet. No har ikkje Aetat noko å gjere med folk frå EØS-land, søknaden skal gå direkte til politiet. Arbeidsgjevarane må sende søknaden og tilsetjingsbevis i tillegg til kopi av pass og eit bilde. Alt blir behandla ved utlendingsavdelinga hos politiet i Ålesund. Det som er nytt, er at arbeidstakarar frå Polen får lov å gjere alt slag arbeid, ikkje berre sesongarbeid. Dei kan dessutan søkje om å få arbeide her i inntil eitt år, før var det berre tre månader med sesongarbeid.
Men det har inga betydning for oss, sesongen er ikkje så lang, seier Døving.
Heilt nytt i år er det for arbeidstakarar frå land utanom EØS. For dei skal ein søkje på same måten som før, men det er innført eit gebyr på 600 kroner per søknad. For arbeidstakarar frå visumpliktige land, slik som Russland, er gebyret på heile 1.000 kroner per søknad.
Viss vi får hit ein russar som til dømes plukkar 1.000 kilo, blir det faktisk ei krone kiloen, seier Døving. |
|
|
|
|
|
|