|
|
Dette fortel Petra Aslaksen, ho var jente nummer seks i søsterflokken. Sjølv vart ho fødd i Stordal 23. juli 1946. Ho og to av søstrene var tilbake i Stordal for eit par veker sidan, der dei mellom anna fekk med seg 17. mai-feiringa i bygda som ei tid var heimbygda deira.
Ho fortel at før familien kom til Stordal i 1944, hadde dei vore med på ei farefull ferd, båten dei reiste med, var lasta med ammunisjon, og det var miner i sjøen langs kysten.
Eg veit at det var tre familiar som vart sette i land i Stordal. Vi var så heldige at då vi var der no, fekk vi treffe enkja etter John Larsen, som også kom til Stordal under krigen. Det var også ein annan familie, Nilsen, kom kom dit då, fortel Petra og legg til at familien hennar måtte ha eit opphald på tre og ei halv veke i Trondheim, fordi den yngste då hadde fått lungebetennelse.
Fødd i Stordal
Foreldra til Petra, Margrete og Samuel Sivertsen, hadde fem døtrer då dei kom til Stordal, og dei hadde seks då dei reiste derifrå. Petra Lovise vart teken imot av jordmor Helga Støle, og medhjelpar under fødselen var Lovise Vad. Ho var også gudmor for henne under heimedåpen. Familien fekk bu i huset på Jølsplassen, litt nedanfor Løset.
Alle dei seks søstrene har vore fleire gongar på besøk i Stordal sidan dei drog derifrå.
Takka vere Karn Sæther har vi hatt så god kontakt med bygda, ho held oss oppdaterte på det som skjer, så vi har følgt med i desse åra, fortel Petra. Etter kvart har dei også vorte kjende med Karl E. Moe, og det var han dei vitje denne gongen.
Den nest eldste søstra begynte på skule i Stordal, den vesle grendeskulen i Rødsetdalen. Men ho vantrivdest slik på skulen at jente nummer tre måtte vere med henne på skule, sjølv om det var eitt år for tidleg. Og då gjekk det bra.
Ho fortel at eldste søstra, Astrid, hugsar mykje frå tida i Stordal, og dei snakkar mykje om dette. Ho jobba både på Mosetra og Løsetsetra då ho var der. Ho hadde ein kjæraste, som var evakuert til Nordmøre, og ho reiste tilbake til Finnmark åleine med hurtigruta den dagen Petra kom til verda. Ho traff igjen kjærasten og dei gifta seg den dagen Petra vart døypt, 15. desember.
Også foreldra snakka mykje om Stordal, Petra fortel at særleg mora treivst godt, og ville gjerne vere igjen. Det blir fortalt at Samuel, faren, hadde så god songstemme. Den dagen dei skulle reise med dampen frå Stordal, steig han opp på ei sildetønne på kaia, heldt ein tale og song med kraftig røyst «Nu vil vi nu sige hverandre farvel.» Då hadde dei vore der i vel eitt og eit halvt år.
Porsanger
Familien reiste tilbake til Porsanger, Indre Billefjord, ei stund etter at krigen var over. Her var alt brent ned, berre ei kyrkje stod att i bygda. Berre ei lita brakke hadde dei å vende tilbake til. No var det å setje i gang å byggje hus og fjøs, og det var småbruk og fiske som var levevegen.
Alle søstrene bur no i området rundt Lakselv.
Vi har allereie begynt å planlegge tur tilbake til Stordal for neste år. Eg kjenner at eg har litt røter i bygda, ho er på ein måte litt mi, eg er fødd der og har gudforeldre derifrå, fortel Petra.
Få no endeleg med at det er fantastiske folk der, og så er der så velstelt, frodig og vakkert, avsluttar Petra, som allereie gler seg til å kome tilbake til Stordal.
|
|
|
|
|
|
|