Sterke reaksjonar på endra opningstider

Friluftsbadet i Tafjord opna sist helg. Men det skal vere stengt kvardagane fram til 18. juni. Dette er det sterke reaksjonar på i Tafjord.

02. juni
Randi Flø
Dei er sinte fordi bedesesongen i Tafjord er korta ned. Frå venstre: Frank Iversen, Liv Bugge, Roman Cucu og Tove Olsvik.
Tove Olsvik, som driv Fjordheim Gjestegård og i tillegg har hatt drifta av kiosken ved badet, seier at dette kom heilt brått på dei.
– Badet var ope no i pinsehelga, og det var masse folk. Tafjord Kraft har to skuleklasser på besøk i dag, og dei var lovde bading. Dei skal har skuleklasser på besøk mange vekedagar no framover mot skuleslutt, seier Olsvik, som er skikkeleg forarga.
Ho har ikkje fått vite dette før tysdag morgon.
– Eg fekk vite det no, og ikkje frå kommunen, eg har leigd inn folk og mat er opptina, seier Olsvik.

Ingen informasjon
Leiar i bygdeutvalet i Tafjord, Fran Iversen, er minst like opprørt over at dei ikkje har fått vite noko om dei reduserte opningstidene. Det er mange frå Tafjord som har vendt seg til han og spør kvifor dette kom så brått på.
– Det har ikkje kome noko informasjon om dei endra opningstidene, kun ein plakat i billettluka. Tenk på gjester som kjem langvegsfrå for å bade, og så kjem dei til stengde portar. Det er ikkje eit ord om opningstidene på internettsidene til kommunen heller, seier Iversen og legg til at det tidlegare har vore reklamert med at det skal bli billegare å bade i friluftsbadet, men det einaste som har skjedd, er at sesongkortet har fått auka prisen frå 500 til 600 kroner.
Som leiar i bygdeutvalet viser han til at dei i slutten av april fekk kome med sitt syn på opning av badet frå 29. mai til 15. august, med opningstider frå klokka 12 til klokka seks kvar dag i denne perioden. Iversen seier at dei tok det opp i bygdeutvalet og svarte at dei ikkje likte ei slik innkorting av sesongen. Dei kom derfor med framlegg om å halde badet ope frå og med 22. mai til og med 22. august. Dessutan ville dei gjerne at det skal opne klokka ti på laurdag og søndag, der dei viste til det nye bassenget på Ikornnes som har tidlegare opningstider i helgene.

Tafjordpakken
Iversen nyttar også høvet til å minne om Tafjordpakken, som ordføraren kom med i valkampen og at turisme er satsingsområde for kommunen.
– I førre valperiode oppnemde bygdeutvalet ein representant til å sitje i ei styringsgruppe for badet, som skulle sjå på drifta. Kva har skjedd i den saka? spør Iversen og legg til at sidan det går med underskot kvart år, burde kanskje kommunen sjå litt meir kritisk på måten å drive heile anlegget på.

Dei var sinte fordi opningstidene ved Tafjord friluftsbad er endra, og så kort tid før opninga. Frå venstre: Leiar i bygdeutvalet Frank Iversen, Liv Bugge, som er tilsett for å jobbe i kiosken og på Fjordheim, Roman Cucu, tannlege frå Moldova som skal jobbe i kiosken og på Fjordheim og drivar av Fjordheim og kiosken ved badet, Tove Olsvik.

Opningstidene bestemt torsdag
Det var torsdag i førre veke at driftsutvalet i Norddal kommune hadde opningstidene ved Tafjord Friluftsbad oppe som sak. Fleirtalet gjekk då inn for å vedta det som var tilrådinga frå rådmannen. I vedtaket heiter det at med bakgrunn i vurdering av kostnader, utgifter og besøket ved Tafjord friluftsbad i juni, juli og august vedtek driftsutvalet ny opningsperiode for badet. Det skal opnast dei to første helgene i juni og i pinsehelga når den treff i månadsskiftet mai/juni. Frå skuleslutt i juni og fram til og med første helga etter skulestart held badet ope kvar dag. Opningstida dei dagane det er ope er frå klokka tolv til klokka seks.
Driftsutvalet vedtok at administrasjonen får fullmakt til å forhandle fram ein drivar av kiosken. Dessutan gjekk dei inn for å auke familiekortet med 100 kroner, slik at det no skal koste 600 kroner.
I saksgrunnlaget står det at kommunestyret har vedteke at
opningstida ved Tafjord friluftsbad skal vere frå 1. juni til 31. august. Dette skal vere eit tilbod for alle, men for kommunen er det også eit økonomisk spørsmål sidan besøkstalet varierer gjennom sesongen. Tafjord Kraft betaler straumen til oppvarminga av bassenga. Utgifter til badevakter vil variere med belegget på badet, men det er utgiftene på badevakter som i dag vil vere eit potensial for innsparing.
Oppgåvene over selde billettar viser at i tida før skuleslutt i juni og etter skulestart i august er besøka i hovudsak knytt til helgene. Månadene juni og august er gjennomsnittleg marginale, medan juli månad vil alltid vere lønnsam. Dei totale utgiftene for 2003 var på 475.000 kroner, medan billettinntektene var på 320.000 kroner. Dette gir eit underskot på drifta ved friluftsbadet i 2003 på 155.000 kroner.