|
|
Stordalingane har venta på ein plass å gå ut lenge. No når dei har fått Nilsgardstunet, ser det ut til at dei tek imot serverings-
staden med opne armar. Med hjelp frå påsketuristane klarte dei å fylle opp lokala frå første opningsdag, som var onsdag før påske. Reidun Hove talde 180 gjestar denne dagen, og i påska hadde ho og teamet over 100 gjestar til middag dagleg. For henne og familien gjekk det rett over frå ein hard byggeperiode til ein tøff serveringsperiode der det var mykje nytt å setje seg inn i. Helgene etter påske har vore godt besøkte, og 17. mai var lokalet heilt fullt i nokre hektiske timar. Det er sitjeplassar til om lag 200 menneske i puben, kafeen, bestestova og selskapslokalet.
Til sommaren håper dei å nå i turistane, men Reidun Hove trur nok det vil ta eit år før turoperatørane for alvor tek til å bruke staden. Det er heimeside og marknadsføring som står for tur no. Og god skilting ved vegen.
Serveringsstaden har hatt røykfrie lokale sidan starten, det var ikkje vits i å røyke ut romma for to månader, meiner Reidun. Røykarane blir ivaretatt med sitjeplassar under tak ved inngangspartiet. Etter kvart skal pub-utgangen mot sjøen også få overbygg og uteplassar.
Laurdag var det markering av at arbeidsfolk og dugnadsgjengen hadde avslutta arbeidet sitt. Saman med kommunale representantar og presse var dei innbedne til mat i selskaps-
lokalet.
Dette føyer seg inn i rekkja av fantastiske måltid av høg kvalitet, sa ordførar Charles Tøsse i sin takketale. Han karakteriserte satsinga til familien Hove som spenstig og offensiv, det same gjorde Ole Johan Vidhammer:
Eg er imponert over det de har fått til her. Eg har all tiltru til at dette greier dokke, sa han. Ombygginga av kufjøs og silo til restaurantdrift er kostnadsrekna å bli om lag 3,3 millionar kroner. Reidun Hove trur ikkje slutt-
rekninga kjem langt unna dette. |
|
|
|
|
|
|