Fjordgard-vennane inntok Ospahjellen

– Kilsti, Skrednakken, Verpesdalen og dei to bruka på Overå rekna vi som naboar, sa Magnhild Longva som vaks opp på Ospahjellen utanfor Eidsdal.

09. juni
Ingrun Myklebust
Eidsdal Musikkorps spelte for stemnedeltakarane.
Storfjordens Venner samla nærare 800 personar oppe på den nedlagde fjordgarden søndag. Dei fleste var glade for overskya ver, for råsa opp er som til dei fleste andre fjordgardar; bratt.

Frå setra til sjøen
Det var nesten som eit eventyr å høyre Magnhild Longva fortelje om då ho vaks opp på plassen. Avstanden ho kunne legge bak seg i løpet av ein dag, er nesten ikkje til å tru. Ho syntes det var eit slit å få mjølka frå setra ned til sjøen. Først vart dei 30 liters mjølkespannene sende med ein løypestreng og så endå ein før dei var nede på garden. Det var tungt å lyfte spannene frå den eine til den andre strengen. Ho bremsa taubana med ein hesjestaur. Nede på garden tok faren seg av mjølka og sette ho på siste løypestrengen, før ferda enda nede ved fjorden. Magnhild måtte springe heilt ned til sjøen for å få mjølka ombord i fraktebåten. Så var det å arbeide på garden, før turen gjekk opp til setra att om kvelden.
Folket på garden levde eit nøysamt liv, og sjølv om pressgjæra var billeg, brukte dei han kun til finebrød. Tørka ølgjær, gnika sundt og fylt på glas blei brukt til brødbaksten. Tida var dyrebar. Mora Olivia lika å hekle, men mannen syntest tida skulle brukast til nyttigare ting. Ho skunda seg derfor å ete, slik at ho kunne få ei stund til handarbeidet medan dei andre åt ferdig.

Nok mat
Det var alltid nok mat på Ospahjellen, fortalde Magnhild. Om sommaren drog faren hennar til Ålesund og gjekk frå hus til hus og selde ost, tyttebær og kjøt. Sjølve åt dei for det meste fisk.
Ordførar i Norddal, Arne Sandnes, tok utgangspunkt i det Magnhild Longva fortalde i sitt innlegg:
– Det er i brytninga mellom fortida og notida at framtida blir skapt. Vi snakkar nesten berre om pengar. Ho sa dei hadde nok mat. Slike forhold som ho beskreiv er kvardagen for store delar av verdas befolkning no. I Norge er det blitt ein kuriositet. Det minner oss om at vi har ressursar, om at vi må slutte å syte og klage.

Nye murar
Brørne Gunnar og Norvald Aspehjell med familiar mottok lovord for det arbeidet dei har gjort for å setje garden i stand. Dei har fått midlar frå Storfjordens Venner og Norddal kommune til dette.
Garden Ospahjellen har fått namnet sitt etter ospa. Ho trivst der det er tørt. Han vart også kalla Oterskinn ei tid, etter eit mosefelt ved sjøen som likna på ein Oter.