Genserar med noko attåt

Til helga opnar Spilka-gruppen utsal av Devold-genserar i den gamle fabrikken på Dyrkorn. Heile første høgda skal fyllast med fleire tusen genserar. Men ein kan også kome for å sjå på kunst eller, på litt sikt, få seg ein matbit.

16. juni
Kenneth Strømsøy
Elin Parr og Spilka-leiar Knut Flakk ser fram til opninga av det nye genserutsalet på Dyrkorn. Heile første høgda i den gamle fabrikken skal fyllast med genserar. Det såkalla barkeriet (til venstre på biletet) skal smykkast med kumåleri av Inger Giskeødegård.
Det har vore iherdig aktivitet på Nedre Dyrkorn etter at Spilka kjøpte dei gamle fabrikkbygningane. Det er gjort eit stort oppussingsarbeid, og vegen ned til fabrikken er utvida så turistbussane kan kome heilt ned på kaia. I samarbeid med kommunen, Telenor og Dyrkorn Vassverk har det også vorte grave grøfter og lagt leidningar og røyr.
Elin Parr, som leiar turistsatsinga til Spilka, fortel at det meste er i rute. Einaste er at opninga er utsett frå i går til laurdag; då vert det betre høve til å få ei skikkeleg opning. Denne dagen er også Midnatsol i hurtigrute, og ho svingar nok innom. Kan hende kjem ho endå litt nærare kaia enn på 17. mai. Sjølvsagt vert det også musikk og underhaldning; ØSS´n frå Ørskog lèt seg villig lokke med Devold-genserar, og fleire kan vere i kjømda. Dessutan vil lokale krefter selje svele og kaffi, og alle som kjøper eit Devold-produkt på opningsdagen vert med i trekninga av genserar frå Devold.
Elin Parr og Spilka-leiar Knut Flakk har mange planar med dei gamle fabrikkbygningane på Dyrkorn, men i starten vert det mest genserutsal. Sjølvsagt vert det også høve til å setje seg ned og nyte utsikta og det gamle fabrikkmiljøet, og ein kan få med seg ei kunstoppleving: Inger Giskeødegård skal utsmykke det såkalla barkeriet med seks kumåleri, og med tida kan det også verte utstillingar med andre kunstnarar og handverkarar. Litt etter litt skal ein også få til servering av eitt eller anna slag, og kan hende også ein smule (les: drope) skjenking. Elin Parr har i alle høve gjort unna skjenkeprøva og var oppe til serveringseksamen i går.
Knut Flakk fortel at turistsatsinga til Spilka, som mellom anna produserer H-vindauget, kjem av at det vert stadig vanskelegare å drive industri i Norge.
- Kostnadsnivået er for høgt, og innan mange industrigreiner er det ikkje mogleg å effektivisere i særskild mon. Derfor må vi satse på noko vi har naturgjevne føresetnader for, meiner Flakk.
Flakk fortel også at han valde å satse på Dyrkornanleggene fordi Nedre Dyrkorn er noko av det siste urøyvde kystmiljøet langs Storfjorden.
- Ikkje ein gong i Geiranger eller på Hellesylt har dei klart å ta vare på eit heilskapleg kystmiljø. Så miljøet her er noko heilt for seg sjølv, roser Knut Flakk.