Opplevingsmetta midtsommardagar

Sola jaga regnet vekk og gjorde midtsommardagane i Norddal til ei oppleving som kunne nytast både inne og ute.

23. juni
Ingrun Myklebust
På Dale var det både god utsikt og god mat.
Nykomaren Gormeturen, (ein trykkfeil som har blitt til eit nyord) gjorde stor lukke laurdag. Ein talrik flokk nysgjerrige vandrarar følgde Ann Kristin Lunden oppover i bygda for å smake på lokal mat. Det heile starta ved kyrkja med ørret steikt i ei grop av varme steinar. På Melchiorgarden like ved fekk dei om lag 150 vandrarane smake heimelaga bringebærsaft, geitemelk og geitekjøtkaker.
Etter at dei tørstaste av vandrarane fekk smake kornøl på Tunga, kom kanskje høgdepunktet på turen for mange: å bryte bitar frå ei plate bivoks full av honning som nyleg var henta ut av bikuba.
På turen fram mot prestegarden var det geitekaramellar å få, maltøl og kaker frå bygdas heimebakeri. Den flotte utsikta frå Dale utover bygda og grøn sommarnatur langs skogsvegen gjorde også sitt til at dei matglade vandrarane fekk ei heilt spesiell oppleving denne ettermiddagen.

Naust-marknad
Tradisjonen tru kunne midtsommardagane by på eit spennande utval utstillarar i nausta ved sjøen. Her kunne ein velje i heimeproduserte ting og tang, mange med tradisjonar langt tilbake i tid. Keramikk, såper, saft, skinn med trykk, smykker, bøker, klede og smijern var noko av det utstillarane kunne by på. Merete Kvam frå Valldal hadde teke med seg strikketyet. Det glinsa i strikkepinnar, sølvtråd og ei og anna perle i det ho sakte, men sikkert produserte det som til slutt blei til eit armband. Og prisen var det ingen ting å seie på, smykket kunne ervervast til under tohundrelappen.

Lars kom
Musikk er ein viktig del av denne årlege norddalshelga. Mange hadde gledd seg til konsert med Lars Bremnes fredag kveld i kyrkja. Og han kom, med gitarist og eit knippe velforma tekstar som han hadde laga sjølv. Dessutan let han diktarar som Bob Dylan, Wilhelm Kragh og Kjartan Fløgstad sleppe til, i det som vart ein mild og var konsert.
Lars Bremnes er ikkje den som fyller opp eit konsertlokale slik at lufta dirrar og tårene trykkjer på i augekroken. Men han har ein stillferdig snert i det han gjer. Som i sangen om norske jenter som vissnok skal vere fri: «Ingen e så go som du, så lenge du held magen inn». Og i vårsangen om alle gledene som ikkje vert følgde av ein faktura.
Tradisjonen tru var det lokale Quindekoret med på fredags-
konserten i kyrkja. Lars Bremnes nytta seg av denne ressursen og let koret fylle ut lydbiletet i mange nummer i siste del av konserten.

Stemningsfullt
Laurdagskvelden vart avslutta med grillmat, fotoutstilling, barneteater og låvedans på prestegarden. Søndag vart det arrangert tur til Herdalen og friluftsgudsteneste ved Geitakyrkja.
Frå Geiranger kom to populære men litt frosne artistar. Annbjørg Lien og Sondre Bratland hadde spelt på Dalsnibba, og var glade for å kunne halde kveldskonsert i ei varm kyrkje. Dei opna med to nummer der kyrkjeklokkene var tema. I lyarslåtten etter Toralv Bolstad introduserte Annbjørg Lien nykkelharpa. Det svenske nasjonal-instrumentet har sunnmørsmusikaren gjort til sitt, og dei to kledde kvarandre svært godt.
Sondre Bratland presenterte ein song han hadde lært frå ein læremeister i Luster. Stykket var frå den tida då det ikkje var vanleg med orgel i kyrkjene, og då folk var vande til ein naturskala som kan verke uvandt for dagens øyre.
Perler som «Lei milde ljos» og «Gi meg handa di ven» vart varmt mottekne blant konsertgjengarane. Dei to musikarane sørga for ei stemningsfull avslutning av ei opplevelsesrik helg.