Krystall av edelt merke

To søstrer har starta to bedrifter i Eidsdal. Dei deler pauserom og utvekslar idear, men elles er føretaka deira vidt forskjellige.
Linda Ytterdal har starta krystallimport saman med mannen Arild Raudaas.

23. juni
Ingrun Myklebust
Arild Raudaas og Linda Ytterdal bestemte seg midt i februar for å starte opp bedrifta si i Eidsdal, 21. februar kom dei til bygda, og 15. april flytta dei inn i dei nye lokala.
Han er styreformann og ho er dagleg leiar. Saman har dei brei kompetanse på det som har med sal og marknadsføring å gjere. Linda var med å byggje opp home-party-firmaet Kari Trestakk, og når dei no vil selje handlaga krystall frå Tsjekkia, er det party-modellen som i hovudsak skal gjere jobben.
Arild har budd fire år i Tsjekkia, og kan fortelje om eit folk som er flinke til å arbeide og flinke til å slappe av. Handverkskulturen står høgt, og landet er verdas eldste produsent av krystall. Etter å ha undersøkt ei heil rekkje av landets krystallprodusentar, fall valet på to-tre mindre bedrifter. Produkta er handblåste og handslipte, sjølve slipinga av dei intrikate mønstera blir gjort på frihand.
Utvalet dei importerer er stort, og varene skal seljast gjennom fleire kanalar. Den viktigaste vert home-party-modellen, der det no blir jobba for å finne seljarar og vertar som kan huse salsmøta. Dette salet skal føregå på landsbasis, det skal også til ein viss grad salet av turist-produkt. Så langt blir glasmontrar med varene deira å finne i butikkar i Trondheim, Ålesund, Molde, Kristiansund og Bergen.
Krystall-importørane brenn for produkta sine, og dei brenn for å formidle kulturen som Tsjekkia kan by på. Ein presentasjon av den tsjekkiske kulturen vil også bli ein del av innhaldet i eit home-party. Dei to samarbeider godt med produsentane i landet dei kjøper varene frå, og har fått laga ein del av produkta i sitt eige design. Dette har dei tenkt å halde fram med, og vil også basere framtidig formgjeving på kva kundane vil ha.
Linda og Arild har ambisjonar om å utvide firmaet og på sikt la andre ta seg av den daglege drifta. Frå hausten av reknar dei med å kunne tilby ein til to deltidsarbeidsplassar. Målet er å ha arbeid til mellom seks og ti personar i løpet av ein fem- til sju-årsperiode.
I tillegg til sal av krystall, tilbyr firmaet fødselshjelp for nye bedrifter. Dei har mellom anna hjelpt til med oppstarten av nabobedrifta Huldra. Dei trur det er mykje energi og mange idear i lokalsamfunnet som kan bli til nye arbeidsplassar. Å sjå på om ein ide er god nok, og å gå vegen fram til oppstart kan Linda og Arild hjelpe til med. Konsulentane har planar om å halde sals-kurs for eigne seljarar og for andre interesserte.
Dei to har blitt godt mottekne av alle i nærområdet, dei er godt nøgde med lokala dei har fått plass i, og er fulle av pågangsmot når det gjeld den nystarta bedrifta.