Fotball og folkefest

Besøket av heile spelarstallen til AaFK var nok eitt av høgdepunkta under årets Stordalscup. Unge fotballspelarar storma til då førstedivisjonsheltane kom til Kirkebø stadion i helga.

30. juni
Thomas Rem Berdal
Randi Flø
Full fart i ein jentekamp mellom Valldal og Stordal.
AaFK-spelarane hadde teke med seg familiane og reist til Stordal på hyggetur. Leiar for troppen var sjølvsagt Ivar Morten Normark, som var glad for å bli invitert på Stordalscup.
– Vi har ei fantastisk støtte frå unge fotballspelarar på Sunnmøre, og ønskjer difor å gi noko tilbake. Mange av dei vi snakkar og spelar med her i dag, møter opp for å heie på oss på Kråmyra, seier trenaren medan han skriv autografar. Det er første gongen hans på Stordalscup, men fleire av ålesundsspelarane har vore der før.
– Det er verkeleg bra å sjå så mange unge ha det så kjekt med fotball. Vi er her ikkje på talentspeiding, men det er klart at slik aktivitet er bra for rekrutteringa til fotballaga på Sunnmøre, og kanskje også for AaFK, seier Normark. AaFK hadde feira 90-årsjubileum dagen før besøket i Stordal. AaFK-spelarane spelte saman med fleire av fotballaga og deltok i trikse- og skytekonkurranse, før dei smakte på grill- og kafematen inne i Stordalshallen.

Men AaFK-spelarane var langt frå dei einaste som kosa seg på Kirkebø stadion. På fotballbanene var det full aktivitet heile helga, med spelarar i alle storleikar. Tivoliet skapte rette festivalstemninga og alle salsbodene sette folk i marknadshumør. Også arrangøren er svært godt nøgd.
– Vi er nøgde på alle måtar. Med veret som har vore både før og etter cupen, må vi seie oss heldige med cupforholda. Tilbakemeldingane frå deltakar-
ane er også gode. Det heile gjekk greitt for seg, seier Bård Hove i arrangementskomiteen. Stemninga var svært god under utedansen på stadion laurdags-
kvelden. Veret vart fantastisk, og i mangel på godt sommarver vart det mange glade menneske utover kvelden. Rundt 600 var på utedansen med bandet n.o.t.
– Dansen gjekk fint føre seg, og vaktene melder om eksemplarisk oppførsel frå alle. Alle hadde det kjekt, verka det som.

I Grendasalen var det loppemarknad med mange godbitar, som folk visste å gjere seg nytte av. Dei som ikkje ville ha brukte ting, venta til søndag ettermiddag med den tradisjon-
elle møbelauksjonen. Her var det mykje nytt som gjekk for ein billig penge.
Inne i Stordalshallen var det også underhaldning av ymse slag. Ein gjeng ungdommar frå Stordal musikkverkstad varta opp med fengande musikk både laurdag og søndag. Ørskog Brass stilte med humørfylt musikk frå galleriet. Kafeen inne i hallen vart eit kjærkome pusterom, med kaker og kaffi og muligheit for å kvile trøytte bein og slitne foreldre.

Grillsalet gjekk også bra og folk kosa seg både ute og inne.
Dette var den 24. stordalscupen. Etter å ha arrangert ein så stor cup i så mange år, tek stor-dalingane til å få god erfaring.
– Funksjonærane gjer ein fantastisk jobb og viser stor velvilje. Mange har same oppgåvene som tidlegare år, slik at vi får stor erfaring og flinke medhjelparar. Alle som var med på å arrangere Stordalscupen fortener ein stor takk, seier Bård Hove.
Neste år jubilerer Stordalscupen.
– Vi har ikkje akkurat begynt planlegginga, men eg trur nok heilt sikkert at det vert Stordalscup også neste år, ler Hove.