Ny teknikk på utstilling

Han skannar bileta sine, behandlar dei i data-maskin og skriv dei ut på akvarellpapir. Slik får Per Eide fram ein kombina-sjon av fotografi, akvarell og grafikk. No stiller han ut på Norsk Fjordsenter i Geiranger.

30. juni
Thomas Rem Berdal
Folk frå indre fjordstrok vil finne mange kjende motiv på utstillinga ved Norsk Fjordsenter. Her er fotografen ved eit bilete av eit parti av Valldøla. Per Eide har sjølv røter på Valdal.
- Gå nært bileta og studer den nye teknikken. Dette er noko anna enn eit vanleg foto, seier Per Eide. Med den såkalla giclee-teknikken får han fram eit uttrykk som han ikkje har klart å skape tidlegare. Bruken av akvarellpapir gir ein ny dimensjon til dei flotte motiva til den kjende
sunnmørsfotografen. Sals-utstillinga opna søndag, og har 36 landskapsbilete med kjende motiv frå Geiranger-fjorden og Sunnmøre.
- Dette er mi første store utstilling på rundt 15 år. Det er spesielt å stille ut
akkurat her i Geiranger, då eg har fotografert mykje her inne, seier Per. Nett no driv han på og fotograferer nye bilete til Oddgeir Bruaset si nye utgåve av «Folket langs Storfjorden».

Foto som kunst
- Fotografi har vore vanskeleg å selje for folk flest. Dette tek til å endre seg, og folk ser på foto som kunst. Norge har ligge langt etter, men no har det moderne fotografiet fått ein ny status innan kunsten, seier han. Han håper difor å selje ein god del av bileta sine under utstillinga, som baserer seg på bilete frå boka han gav ut i fjor haust, «På sporet av Norge».
- Dette er første gongen vi har ei utstilling av fotografi her på fjordsenteret. Vi er svært spente på mottakinga. Vi tykkjer galleridelen gjer dette senteret meir levande, og er særs godt nøgd med å få Per Eide sin kunst på veggane her. Motiva passar godt inn her i Geiranger, og passar også til vår høgsesong no i juli, seier Finn Nustad. Han er dagleg leiar ved Norsk Fjordsenter. Nustad er også stolt over at Per Eide våga å satse på ei utstilling i senteret, der kunsten må dele merksemd med mange andre opplevingar og inntrykk.
Utstillinga vil stå på fjordsenteret ein månad.