|
|
Eg fekk det første kameraet av farbror min då eg var rundt 15 år. Sidan den gong har eg fotografert det meste her i
Liabygda, seier Kåre Lied. Han har blitt eit vanleg syn i bygdebiletet, med kamera rundt halsen og med fokus på lokale motiv. Best likar han å fotografere naturen, men også folk og hus i Liabygda har kome i rullane til fotografen. Det gjer at Kåre sit på eit unikt fotomateriale over utviklinga i bygda.
Kåre si interesse for å teikne og måle, kombinert med ein stor sans for fiske og jakt ute i naturen, har gjort fotoapparatet til ein lidenskapleg hobby. På jaktturane har fotoapparatet vore like viktig som våpenet, sjølv om han held fast på at motivjakta aldri har gått på bekostning av byttet. Han finn mange parallellar i hobbyane sine, ikkje minst det å ha tolmod.
Sunn hobby
Den første tida brukte han svart-kvitt-film, og har fram-kalla mykje i eige mørkerom på gardsbruket på Brattli i Lia-bygda. Etter krigen gjekk han over til fargefilm, og det har blitt mindre med eiga fram-kalling, sjølv om han synes det var ein eigen sjarm og hadde stor glede av det.
Framkallinga var jo halve moroa, og eit fint vinter-
arbeid. Men etter at eg flytta hit på eldrebustaden vart det litt vanskeleg å halde fram med det, seier Kåre.
Den spreke 86-åringen er overtydd om at det er viktig å ha ein hobby når ein vert pensjonist. Fotograferinga har medført mykje frisk luft i rein natur, noko som har gjort godt for helsa, meiner han. Kåre arbeid-
de i mange år på Liabygda Trevarefabrikk, og dreiv også fruktdyrking på gardsbruket. Sjølv om han no bur på eldrebustaden, er han stadig vekk å sjå i bygda med kamera og på jakt etter nye motiv.
Hobbyfotograf
Kåre syner fram eit lite utval av bileta sine, og dei fleste er så fine at ein skulle tru ein pro-fesjonell aktør stod bak. Mange av dei ville passa bra i til dømes flotte naturkalenderar. Men Kåre insisterer på å kalle seg hobby-fotograf, og seier han aldri har hatt bilete på trykk eller på utstilling. Han fotograferer for eiga glede, og så syner han fram til familie og kjende og elles andre interesserte.
Eg har tenkt på å kanskje setje opp lerretet og syne nokre lysbilete her på eldrebustaden. Vi får sjå til vinteren, seier han litt beskjedent. Han er glad i lysbilete, og har mange øskjer med lysbilete.
Det er ikkje godt å seie kor mange bilete eg har teke. Men eg har kanskje mellom to og tre tusen av desse, seier han medan han kikar på eit lite utval.
Lokale motiv
Kåre har aldri vore utanlands, men har hatt fine opplevingar med både kamera og børse på Hardangervidda. Han har ei dotter som bur ved Bodø, og tykkjer naturen der også er fantastisk å få på film.
Mest glad er eg likevel i den lokale naturen. Det er ikkje mykje her i Liabygda som har unngått å blitt fotografert av meg, smiler han, og syner fram fantastiske bilete av vatnet ved Liasætra, der han sjølv har sel.
Lia-terrenget og ute i markane frå sætra er så fint at eg snart har slite ut dei motiva. Men det er rart med det, eg finn stadig noko nytt å ta bilete av same kor lenge eg har fotografert her. Naturen endrar seg stadig, seier han.
Det vert jo periodevis, og lite vinterstid. Veret bestemmer ein del no. Det er hausten som har vore favorittårstida. Og so tidleg om våren. Det er spanande å følgje med på fruktblomstringa, seier han.
Med panoramautsikt over fjorden ser vi meir på bileta til Kåre. Motiva er så flotte at det er vanskeleg å skildre. Han klarer å skildre stemninga i naturen på ein framifrå måte. Bileta vitnar om ein fotograf som gjennom mange år har erfart korleis ein får det
maksimale ut av eit enkelt, men solid, manuelt speilrefleks-kamera. Og om ein fotograf som har vore stødig på handa.
Føtene mine begynner å svikte litt no. Det spørs om eg snart må begynne å fotografere med stativ, ler den spreke 86-åringen. |
|
 |
|