Solrik folkefest

Det var ein folketrengsel som berre eit olsokarrangement kan oppvise i Valldal sentrum olsok. Sola og eit stjernespekka program drog unge og eldre ut i gatene.

11. august
Ingrun Myklebust
Sommar og olsokstemne i Valldal. (Foto: Ingrun Myklebust)
Dei som ikkje hadde fått tid til frukost heime, fekk gratis frukostblanding frå Axa sin stand nede ved ferjekaia. Om ein elles skulle få lyst på vaflar, grillmat, husflidsprodukt eller t-skjorte med Beckham på, var dette og mykje meir å få kjøpt på Sylte denne dagen.
Jordbærdilten opna eit program som vart halde i tradisjonsrik stil, men med nye og ettertrakta underhaldarar. Dette året hadde arrangøren fått med deltakarar frå sprintlandslaget i Jordbærdilten og rulleskistafetten. Kommentator Linda Myren ropte opp både landskjende og lokalkjende namn då løparane sprang inn til jordbærkorg og jubel etter endt jordbærdiltløp. Dette året var løypa lagt om «Bedringens veg», og vart unnagjort på under ni minutt med Hans Martin Gjedrem som vinnar framfor Tor Arne Hetland, Ine Digernes vart beste dame inn.
Kjell Kristian Rike som kommentator av rulleskistafetten sette ein ekstra spiss på det årvisse arrangementet, i tillegg til at stjernespekka lag deltok. I årets stafett tok Tor Arne Hetland sigeren over lokale Hans Martin Gjedrem. Rike viste kor heime han er i rolla som sports-kommentator både under stafetten og i skytekonkurransen. Han batt også saman eit godt program frå scenen med deltakarar som Jenny Helen Wolsdal, vokal og bassistduoen Silucian Town, dansarane «Dance one more», sjørøvaren Ole og visegruppa frå Eidsdal med søstrene Årdal Skuseth.
Dei som etter dette ville ha endå meir sol og underhaldning fekk sjå imponerande balansekunstar frå utøvarer i Norddal Trial-klubb. Sander Almstad viste at ein kan balansere på to hjul utan motorkraft. Dei andre i klubben demonstrerte kva ein kan gjere med motordrivne syklar, mykje mot, ein gammal bil og nokre stablar med pallar. Dei eldste gutane i klubben har hevda seg i Norgescupen innan sporten fekk vi vite av speaker Kjersti Sæther Magnussen.
Kåre Erstad, leiar i olsokkomiteen, er godt nøgd med arrangementet. Veret slo til og programmet vart gjennomført på ein skikkeleg måte, synest han. Han trekkjer fram Kjell Kristian Rike med sin gode kompetanse som kommentator. Både rulleskistafetten og skytekonkurransen fekk nyte godt av dette. Han trur også det var stort for dei unge lokale skitalenta å få konkurrere med verdseliten i stafetten.
Langrennsgruppa i Valldal Idrettslag har enno ikkje hatt vurderingsmøte etter olsok, så resultatet i kroner og øre er uklart. Det er likevel ingen tvil om at arrangementet er ei god inntektskjelde for langrennsgruppa som har ny trakkemaskin å betale ned på. Erstad understrekar at det heile er svært veravhengig. Hadde det kome regnbyger, kunne det fort gått andre vegen, der arrangørane vart ståande att med mykje mat som ikkje vart selt, fortel han. Laget har også hatt erfaring med slike år.
Det er 15. året langrennsgruppa står for olsokarrangement i sentrum av Valldal, og Erstad peikar på den store innsatsen som foreldre og andre støttespelarar har gjort både før og etter den tradisjonsrike feiringa.