|
|
Sandy er den einaste passasjeren som nyt utsikten til den berømte fjordarmen frå boblebadet, etter ei økt i båtens helsestudio og sauna. Ein annan av passasjerane søv på ein solstol av teak med hovudet gøymt under eit teppe og ser ikkje ut til å bry seg med kvar han er i verda. Men mange av dei 2600 passasjerane er på dekk, godt utstyrte med vindjakker og kamera.
Kinesisk-amerikanske Sandy har lokka med seg mannen på denne turen nordover, etter at ho i barndommen fekk lære på skulen at i Norden var det lyst heile døgnet. No vil ho oppleve det sjølv. På vegen frå England mot Norge vekte ho mannen opp av søvnen og viste han at sola skin midt på natta.
Det er trengsel på dei øvre dekka under styrehuset. Alle vil sjå mest muleg av fjorden, fjella, fossane og Geiranger. Idet det britiske skipet med dronningnamn glir inn mot bygda, står fleire tusen menneske og ser mot land, tusen står på land og ser mot skipet. Oppe på dekk nummer sju er det ganske stilt i folkemengda, heilt til skipsfløyta tordnar mellom fjellsidene. Eit helikopter med ein NRK-fotograf kretsar rundt skipet i runde etter runde. Passasjerane er uvitande om dette og nokre lurer på om det vil sleppe ei bombe på dei. Den 345 meter lange kolossen snur på femøringen før ilandstiginga startar. Men først er det mat.
Sandy Vuong er på plass framfor glasdisken med frukt og grønsaker i ein av matsalane. Dette er beste maten for å halde seg i form, seier ho, og går utan problem forbi eit stort utval av varme middagsrettar.
Inne på land bevegar folkemengda seg vekk frå sentrum. Eit skip med italiensk namn har lagt seg framfor dronninga og gjer det umogleg å sjå nyskipet, sjølv kor stort det er. Homlong og vegstrekninga mot Grande blir dei store utsiktspunkta, men køen framfor pølsekiosken i sentrum er likevel utan ende.
Ombord i skipet er den guida turen for journalistane over. Elleve dekk er tråla på kryss og tvers. Matsalar med dronning- og prinsessenamn har fått vist seg fram, det har også biblioteket, helsestudioet, planetariet, Royal Court Theatre (Storfjord kulturhus i litt mindre format), vinterhagen, internettkafeen og båtdekket i tre. Stilen er gjennomført 30-tals, for harry for somme og nostalgisk perfekt for andre.
Eit mannskap frå 50 nasjonar kan puste ut ei stund, no skal fleire tusen bussturistar til fjells. Dalsnibba har lagt snøbygene til side og tek imot busslast etter busslast. Etter møtet med fjellet finn passasjerane tilbake til det flytande samfunnet i stålskroget og legg kursen mot Ålesund. |
|
|
|
|
|
|