Ny næringskonsulent i Norddal

Torill Monstad er på plass i rådhuset i Valldal. Ho tek over stillinga etter Jon Garen.

18. august
Ingrun Myklebust
Fredag fann Torill Monstad vegen innom Syltegata i Valldal og redaksjonen til Storfjordnytt for å gjere seg litt kjend også der.
Den halve stillinga som næringskonsulent blir det nok ikkje problem å fylle, trur Torill Monstad. Ho har vore to veker i jobben, og har fått eit visst overblikk over ein del aktivitetar i kommunen. Dessutan brukar ho tida no til å gjere seg kjend med folk, medan ho ventar på at sjefane skal gjere seg ferdige med ferien. Ikkje alle arbeidsfelt er klare, men i grove trekk veit ho kva oppgåvene vil bli.
I førre veke var ho på seminar om småskala matproduksjon i bygda Norddal. Dette blir avgjort eit av arbeidsfelta. Det blir også møtet med dei som vil starte opp med nye tiltak som som treng hjelp til å søkje støtte. Torill Monstad seier det blir opp til henne å setje seg inn i alle mulegheitene for støtteordning-
ar frå stat, fylke, kommune og elles. Akkurat dette har ikkje vore hennar arbeidsfelt før, men ho har erfaring frå å koordinere oppstart av prosjekt. Til dømes frå Troms, der ho var med og fekk etablert ein aktivitetspark med mange ulike element. Ho skal truleg også ta seg av næringsfondssaker og på ein eller annan måte føre vidare ungdomsprosjektet som Kristin Sandnes har starta opp.
Før stillinga i Norddal har ho vore tilsett i Vadsø fylkeskommune der ho hadde arbeidet sitt i kulturetaten. Her jobba ho mest med ungdom og kultur.
Torill Monstad har merka seg at det blomstrar med mange flotte planar i Norddal, som spahotell, helsehus, næringshage og det viltre Happy End. Å kome med idear er ei av oppgåvene til politikarane, sjølv om ikkje alt treng politisk handsaming, seier ho.
Inntrykket ho har av kommunen så langt er at folk ikkje er redde for å ta i eit tak og at dei tør å satse litt.
– Det er kjempepositivt, det er mange som ikkje vågar det, seier Monstad.
Nykomaren i rådhuset har vakse opp på gard i Lindås utanfor Bergen. Ho er i ferd med å skaffe seg kompetanse i landbruksøkonomi ved eit deltidsstudium på Høgskulen i Nord-Trøndelag, og avsluttar i haust også bedriftsøkonomi-utdanning frå BI.