Levande fortalt om Romsdalsmartnan

– Dei som kom ned Romsdalen frå Lesja og andre bygder, hadde gjerne med seg talg og tjøre. Dei som kom frå kysten, kunne by på salt og fisk. Hovudføremålet med marknaden til å begynne med var å bytte til seg livsnødvendige varer.

18. august
Randi Flø
Det sa Per Devold då han sist søndag kveld samla folk rundt seg i Løsetstova og fortalde levande om korleis Romsdalsmartnan har arta seg opp gjennom tidene. Sannsynlegvis var det som ein marknadsplass på Devold i Rauma allereie i vinkingtida. Kvart år var det marknad her heilt fram til 1819.
Han driv garden Devold i dag og kunne fortelje om plassar på garden som framleis har namn etter marknadene. Eit areal heiter framleis Martnan, og dei har Martnabrua og Lovbrekka.
– Det har ikkje vore så stor interesse for å vite som mykje om marknaden på Devold, men no har vi i samband med den store hesteferda begynt å grave fram opplysingar, sa Devold. Han la til at denne amrkanden har endra seg både i omfang og form opp gjennom tidene.

Større
Vareutvalet auka etter kvart, og marknaden tok seg særleg opp på 1400-talet. Skriftlege kjelder både frå 1533 og 1701 fortel at dette var ein stor marknad.
Det var heilt naturleg å halde marknaden etter innhaustinga. Det var bestemt at marknaden skulle haldast første tysdag, onsdag og torsdag i oktober. Tidlegare skulle den haldast 2. oktober, men det kom i konflikt med lovverket, det var ikkje lovleg å handle på søndag. Det var strenge straffer for slike brot på lova.
Sjølvsagt var hestehandelen den
dominerande aktiviteten på marknaden. Det var ikkje alltid så lett å få selje hestar, Devold fortalde om ein som kom til Romsdal frå Sunnmøre med tanke på å selje hesten sin, ikkje før han kom til Trondheim vart det hestesal.
Mange på marknaden var handlande, men dei fleste reiste «blott for lyst».

Hestefolket
Per Devold hadde opplysningar om at i 1771 var der 98 opplendingar på hestevollen for å selje hest. Ein gong tidleg på 1700-talet kom det mellom 3.000 og 4.000 hestar berre frå Oppland. Per Devold rekna med at dei måtte ha med seg mat til alle hestane. Romsdalen såg ikkje slik ut då som no.
Dei som kom frå Nordfjord og Sunn-
møre, tok hestane i båt opp elva heilt til Devold. I Innfjorden er det ein stad som heiter Hesteberget og i Stranda har dei Øykjeberget. Ein åttring kunne ta med mange hestar.
– Å krysse fjorden var nok ingen spøk, heller ikkje opp elva, her var det viktig å passe på å kome på floa. Mange vadde også over elva, fortalde Devold og la til at det er det planen å gjere under filminga no til hausten.
Tal frå 1791 viser at dette året kom det 14 jekter, 83 åttringar og 218 andre båtar til marknaden første og andre dagen. Dette året var det også 32 profesjonelle kjøpmenn, frå Trondheim, Kristiansund, Molde og Sunnmøre.
Dei viktigaste handelsvarene var tjøre, never, bark, tran, fisk, tørrfisk, korn og drikkevarer i tillegg til kveg. Det var også stor omsetning av skinn, både av bjørn, rev og oter. Dei handla humle og malt, og ein del «speseri og galanteri».
– Kanskje kom silkebandet hit først, sa Devold.
Det vart også selt noko dei kalla bondesild. Det var ikkje så lett å få tak i salt og bøndene ved kysten kokte sitt eige salt. Denne silda kunne gjerne verte sur. I 1750 kosta ei tønne salt like mykje som ei ku.

Rekonstruere
Til filminga om den store hesteferda skal dei prøve å rekonstruere marknadsplassen, det finst ikkje teikningar som fortel noko. Plassen var på ei slette nedanfor garden der det var bygd buder. Dei største gardane rundt fekk kjøpe eller leige buder for å få selje varene sine. Der var eit lite gjestgiveri i tillegg til løer og utløer til å overnatte i. Folk overnatta også i båtane.
– Tenk deg oktober månad med stiv nordvest kuling og ei grad, då er det hustre, sa Devold.
I 1790 viser tala at der var 49 ølstover og eit par dansesalar, der gleda stod i taket.
– Det skal ikkje bli så vanskeleg å rekonstruere, sa Devold.
I 1728 melder biskop Hagerup om ein del fylleri, horeri, klammeri og tyveri ved marknaden. Det var strenge straffer for alle lovbrot. I 1727 vart ein mann dømd for å ha stole ein hest, han vart dømd til å “miste sin hud” og brennemerkast.
– Det har ikkje vore så lett å få statistar til den rolla, sa Devold.
Det var strengt vakthald, på 1700-talet var det ein løytnant, 40 soldatar og fire trommeslagerer

Problem
Midt på 1700-talet tok det til å bli eit problem at elva vart grunnare og grunn-
are, slik at dei ikkje kom seg fram med båtane. Ein av grunnane til det var landhevinga. Ein annan grunn var nedhogg-
ing av skog for sal til hollendarane. Jorda vart karrig, og bles bort, og sanden la seg i elva.
Det vart gjort forsøk på å flytte marknaden til Veblungsnes midt på 1700-talet. Då kom båtfolket seg dit, men ikkje hestefolket, for det var ikkje bru over elva.
I 1819 var det definitivt slutt, då var Martnabrua ferdig i tillegg til to andre bruer, over Istra og ved Veblungsnes.
– Første marknaden på Veblungsnes vart halden i 1820, sa Per Devold, og la til at filminga blir eit spennande prosjekt.