Stordalen på fjernsynet

Onsdag 1. september blir det fjernsynsopptak i Stordalen. Det skal filmast frå Den Store Hesteferda, med scener på fjorden og i fleire tun – og i Rosekyrkja.

25. august
Bildet viser klede du kan ha på deg under filminga komande onsdag. (Foto: Sjur Fedje.)
Der skal det vere messesundag, og me ynskjer at så mange som mogleg kan kome til kyrkje og fylle opp så det ser fullt ut – for det var det i kyrkjene i 1860-åra. Då fór heile bygda til kyrkje når det var messe. Kan de hjelpe oss å fylle kyrkja?
Og skulle ein til kyrkje, kledde ein seg i finstasen – det beste ein hadde.
Nå var klesmotane litt annleis enn i dag. Dersom du har ein
såkalla ”alternativ” sunnmørsbunad, kan du bare taka han på deg å gå rett inn! Men om du ikkje har ein slik, kan du bruke din eigen bare du varierer utstyret litt.
På bildet, ser du korleis den vanlege kvinnebunaden er kamuflert med hue, forkle og eit par sjal.
Forkledet er ljost, gjerne av blomstra bomullstøy i mange fargar, eller vove i raude/brune/svarte striper. Det er like langt som stakken.
Hua sit stramt på hovudet, og har rynka pull. Ho er svart for gifte og mønstra for ugifte. Bare småjenter kunne gå berrhovda til kyrkje. Har ein ikkje hue, kan ein bruke eit ”tafsaplagg” som ein knyter under hoka.
Storeplagget ligg over okslene, ingen gjekk til kyrkje i skjorteermar.
Dei som har mønstra silkeplagg, tek eit slikt rundt halsen og stappar det ned i utringinga på bunaden.
Karane kan også bruke sin vanlege svarte bunad – bare ikkje den raude dobbeltspente vesten. Det vanlegaste var enkeltspent vest og han kunne vere både blå og rutemønstra. Dessutan hadde dei ikkje så mange sylvknappar på den tida, dei brukte helst messing. Rundt halsen hadde dei eit raudt halsplagg, og på hovudet ei raud strikkahue, eller vidbremma filthatt.

Har du ikkje slike plagg, kan du få låne!
Me som er med og lagar til Hesteferdprogrammet, har folk som kan hjelpe med detaljane, for me vil gjerne ha mange gjester i kyrkja. Hjelp oss å møte fram og vise fram Stordalen på ein flott måte.
Vil du vite meire kan du kontakte Kristian Almås tlf 70 27 80 07, eller kome på Langsæterdagane 29. august

For Hesteferda
Trine Naadland
i Fortidsminneforeninga