Moderne marsj i gamle fotspor

Mange kvinner og ein del menn gjekk i fotspora ette ei tøff jordmor laurdag.

25. august
Ingrun Myklebust
Anne Lise Dalhus Tiedemann er jordmor i Drammen men kjem opprinneleg frå Norddal. I dei gamle jordmorkleda var ho svært lik Jensine Rødal Grønningsæter slik ein ser ho på bileta. Veronica Valdal får lakrisbåtar frå drammens-jordmora.
Etter å ha gått jordmormarsjen er det ikkje vanskeleg å tenkje seg kor strabasiøs turen frå Eidsdal til Muldal må ha vore for jordmora Jensine ein vinterdag for 150 år sidan. Oddgeir Bruaset var på plass i Muldalen og møtte vandrarane utpå ettermiddagen laurdag. Han levandegjorde
historia om turen som Jensine Rødal Grønningsæter motvilleg la ut på i januar 1886. Sjølv om ho ikkje var frisk, tok ho ut mot Muldal Frå Eidsdal via Norddal og Kallskaret for å hjelpe mora som låg og skulle føde i Muldalen. Sjølv om ho var nær ved å gi opp fleire gongar, kom ho fram og fekk redda mor og barn, fortel historia.
Det var kanskje nokre som var nær ved å gi opp under turmarsjen laurdag også. For dei fleste vart det ei regnfull og våt vandring langsmed Her-
dalsvatnet og oppover til Kallsgarden. Innover fjellvidda fram mot Kallskaret dominerte tåka, her heldt regnet seg tilbake. Ein fin sti omkransa av myrull og små vatn leier fram mot skaret. Mange vandrarar tok matpause på kanten, før nedstigninga mot Tafjord. Vinden leika med tåka og avslørte i periodar det meste av det storslagne landskapet rundt kallen i skaret.
Etter å ha traska oss gjennom Tafjord, opp på Skjegghammaren og nedatt frå Skjegghammaren, melder det store spørsmålet seg: Orkar vi å gå opp til Muldalen? Etter litt betenkningstid og eit glas saft på ein drikkestasjon som vandrarane snart tømde, vert avgjerda teken: Vi fullfører.
Idet dei fleste tok ut dei siste kreftene opp
svingane til Muldal, kom eit par karar på veg nedover. Jon Kåre Løvoll og Geir Åge Rønneberg sprang turen på fire timar, med start i Eidsdal. Det er berre å ta av seg kap-en for prestasjonen.
Korsong, kåseri, sveler og ei ekte jordmor med skrin og stakk møtte vandrarane i Muldalen. Regnet jaga folk inn, og det vart etterkvart eit overfylt hus hos familien Muldal som hadde opna dørene for marsjdeltakarar. Det var mange jordmødre samla denne dagen, både frå Ålesund, Tromsø, Stavanger, Førde og Drammen.