|
|
Planane frå ei lokal interessegruppe går ut på å lage hamn nedanfor fabrikkbygningen i Fjørå med molo, pir og båtopptrekk. Fabrikken skal innehalde servicefunksjonar knytt til hamneområdet og folk på land. Ved saga er det teikna inn parkering på plankartet, og kaihuset er også sett opp til service-føremål. Masse til moloen er tenkt teken frå ei utviding av fylkesvegen som går forbi.
Interessegruppa vil prøve å gjere noko positivt ut av ei «dausone» som har oppstått i området der det før var ekspedisjon, ferjekai og fabrikk. I skrivet sitt til politikarane argumenterer dei med at ein oppnår fleire ting med planane. Fylkesvegen som i dag er smal og bratt blir utbetra, og massa frå dette arbeidet kan nyttast like ved til småbåthamn.
Gruppa har lagt fram sin plan for utbetring av vegen som går ut på å opprette og utvide eksisterande trase. Etter det politiske møtet kom det fram eit andre alternativ for Vikavegen. Det går ut på å leggje han i ei kløft lenger mot sør, noko som gir ei svakare kurve men same stigning.
Det er sett av 400.000 kroner i det kommunale investeringsbudsjettet for 2004 til opprusting av vegen. Uttale frå Statens vegvesen går ut på at dei vil kunne yte sitt, om det vert utarbeidd planar for vegen. Dette er gjort, og Øystein Klempe i kommunens planavdeling seier han håper vegvesenet vil løyve minst like mykje som kommunen til utbetringa. Det vil spare kostnader å bruke massa frå vegen til molo, og det er nødvendig å leggje vegen inn i fjellet for å få til god kurvatur, seier Klempe.
Planen for området er lagt ut til offentleg ettersyn i 30 dagar. |
|
|
|
|
|