|
|
Ved sida av alt arbeidet med den store hesteferda, har Stordal sogelag også hatt overskot til å starte på noko dei vonar vil bli ein tradisjon, Langsæterdag. I samarbeid med andre lag og gode krefter stelte dei i stand på dei to setrane Kvitlen og Pusken.
Marsj
Rundt 160 personar valde å ta beina fatt frå parkeringsplassen på Overøye og gå turen fram til Kvitlen. Her gav Einar J. Hove ei orientering om filminga av Den store hesteferda, som tok til i helga, og som held fram i Stordal i dag og i morgon før ferda går vidare til Devold i Rauma.
Etter kvart samla folk seg ved Toreselet på Pusken, rundt rekna 400 personar var nok med på Langsæterdagen. Det var ikkje vanskeleg å finne samtaleemne, særleg ikkje etter at veret vart så bra, med tanke på regnet som hadde vore både om natta og søndag morgon.
Prost Øystein Kjølberg heldt gudsteneste på vollen nedanfor selet, med tonefølgje til salmane av Stordal hornmusikklag. Det var også tillyst barnedåp, og vesle Esther Stavseng Vankan vart døypt i ein spesiell døypefont og vatn frå ei termosflaske. Det var mange små jenter som følgde seremonien tett.
Graut
Og så var det tid for seterkost. Heile tida hadde det vore sal av lefser og andre godbitar frå Holt gardsmat. Etter gudstenesta var det klart for rømmegraut frå Nilsgardstunet. Ein lang kø stilte seg opp framfor dei store grytene. Kor mange liter som gjekk unna, veit vi ikkje, men det var mange, og grauten smakte godt. Kjøtsuppe var også tilgjengeleg for dei med annan smak.
Program
Ein opplagd programleiar, Bjørnar Midtbust, kunne starte på den lange lista av underhaldningsinnslag. Her fekk vi både musikk og song og annan kultur i over to timar. Det var retteleg god stemning. Peer Gynt, alias Oddvin Parr, deklamerte ein lang monolog om bukkespranget ved Gjendineggen. Den same Parr er dessutan ansvareg for den utskorne huldra på ytterveggen på Toreselet.
Bjørnar Midtbust som programleiar brukte ein del av lærarkunnskapane sine og slo til med ein liten geografitime innimellom. På den måten fekk folk lære om fjella som omkransar Langsætrane. Folk fekk beskjed om å sjå over Torefjøsen. Der ligg Ådalstinden, og nedanfor finn vi Storådalen, med eit vatn med mykje fisk. Her er det også ei hytte som er opa for ålmenta. Til og med ein attgøymd pakke peanøtter skald et vere å finne her.
Midtbust var også oppteken av å halde på dialekta, spesielt den særmerkte, og hadde ei regle som viser den spesielle hlj-lyden.
Ein triveleg dag på Langsætrane, som det er å vone blir ein tradisjon. |
|
|
|
|
|