Blant fjuskevestar, filmkablar og hestar

– Det kan vere veldig freistande å titte på kamera, men det er strengt forbode, det er kun hestekarane som er her Adrian, seier Oddgeir Bruaset.

8. september
Ingrun Myklebust
Kyrkjelyden høyrer andektig på den syngande presten, som held bibelen høgt og spyttar i fingrane når han blar om.
Det blir gitt nokre siste instruksar før kamera og lyd går. Løsetstova i Stordal er opptaksstad, kårkallen spela av Svein Terje Holtleite og barnebarnet hans, spela av Adrian Nakken, sit ute på tropphella. Eit filmteam svirrar rundt dei, regissør Oddgeir Bruaset instruerer. Løsetstova er staden hestekarane kjem til før dei har tenkt seg i kyrkja, og dei vil gjerne setje frå seg hestane ved stova.

– Ta dei med attom nova, det er der kyrkjefolket pleier å stille hestane, er replikken til kårkallen. Gong etter gong må alt repeterast. Men så er det klart for opptak, bilane på vegen blir stoppa, alle mobiltelefonar må av, og kamera som klikkar må ikkje nyttast. Berre sus frå vinden, fuglesang og stamping av hestehovar er å høyre. Publikum langs vegen er heilt stille, i nokre sekund som scenene utspelar seg ved det gamle stordalshuset er tida skrudd tilbake eit par hundreår.
Så er det ny ventetid, det er sceneskifte, neste opptaksstad er Rosekyrkja like ved. Adrian Nakken fortel litt om korleis det er å vere med på filming. Han synest det er spennande, og det er lett å forstå instruks-ane til regissøren. Det einaste han har å klage over er ei tjukk ullskjorte som stikk. Mykje venting taklar han bra. Då er det berre å vente, då...

Innimellom opptaka ute har presten fått øvd på liturgien som skal framførast syngande i kyrkja. Kyrkjelyden som går inn i Rosekyrkja blir filma utan større problem, og så er det klart for innefilming. Gullringar og briller må av statistane som har møtt opp i tidsrette klede. Presten skal filmast frå mange vinklar, det same skal kyrkjelyden. Dette tar tid, sidan filmmannskapet har kun ein fotograf, som også må sørge for lyssetjing.

Torsdag er dagen då filmfolk og hestar inntar Langsetrane og tek til på reisa over fjellet til Romsdalen. Men først skal møtet mellom seterjenter og hestekarar festast til filmen.
På Kvitlen er det mura opp grue som det blir kokt klede på. Sunniva Øvrebust gnikar klede på vaskebrettet, medan Frøydis Øvrebust prøver å røre i gryta i heller sterk røyk frå bålet. Aktiviteten på setra blir samordna, slik at både klesvask, barn som leikar i dammen og vedhogst blir fanga inn i biletet samstundes.

Utfordringane denne føremiddagen kjem då det skal silast mjølk på seltrappa.
Strengen rundt trebytta er ikkje rett for tida som skal skildrast, så han må vekk. Men så viser det seg at bytta lek og mjølk renn ut gjennom sprekkene. Og kva slags mjølk er dette eigentleg, full som ho er av rusk? Nokon har gløymt å vaske mjølkespannet før bruk. Sjølv om det tek litt tid å finne løysingar, blir scena filma som ho skal, og hestekaren som er først opp til setra får drikke ny, rein mjølk, sila gjennom rein duk og aust opp av reingjort tresleiv.