Vil lage aktivitetssenter med bowling i Valldal

Trygve Waldal og Anne Marit Nygård har planar om å starte opp eit aktivi-
tetssenter i Valldal der bowling er ein av ingrediensane.

15. september
Ingrun Myklebust
ValKoFa-bygget vil truleg få eit skråtak i front når det blir gjort om til aktivitetssenter, forklarer Trygve Waldal og Anne Marit Nygård..
Eit forslag til prospekt er klart, eigedommen er nyleg innkjøpt. Dei to initiativtakarane reknar med at det må investerast vel fire millionar kroner totalt i senteret som etter planen skal stå ferdig til våren.

Det er i den tidlegare fabrikkbygningen til ValKoFa det no skal bli aktivitetssenter. Der skal det etter planen installerast seks bowling-baner. Forutan dette blir det pizza-kafe, eige rom for vising av film på storskjerm og aktivitetar som biljard, dart og andre ting.
– Vi er opne for innspel frå folk om kva vi bør fylle ein slik hall med, seier ein spent initiativtakar Trygve Waldal. Han og kona Anne Marit er opptekne av at dette ikkje berre skal vere ein bowling-hall, men eit heilt aktivitetssenter. Så langt i prosessen har det berre vore positiv respons å få på planane, både frå kommunale representantar og andre.

Bowling-bana blir truleg av typen Cosmic bowling. Det vil mellom anna seie lys- og røykeffektar som i alle fall den yngre garde vil vite å setje pris på. Elles skal det lagast bowling-arrangement som vil passe alle aldersgrupper, forsikrar initiativtakarane. Både yngre og eldre skal kjenne seg heime. Dei har planar om alkoholfrie ungdomskveldar der det vil bli lagt til rette for nabobygdene også. Målgruppene blir stort sett alle, frå fastbuande til dei som bur i hytter og campingvogner til ungdommar og turistar på gjennomreise. Oppstartarane av prosjektet ser det som ein klar fordel at Muritunet er nær. Om det kjem spa-hotell på ei anna nabotomt, vil også det bety kundar for senteret.

Ved sida av bowling-aktiviteten vil det bli pizza-kafe med servering. Det må uansett lagast ein uteplass for røykjarar, og denne kan nyttast til uteservering sommaren. For at dette skal bli eit aktivitetssenter, må det fyllast med variert aktivitet. Planane så langt går mellom anna ut på å lage eit eige storskjerm-rom med plass til sofagrupper og småbord. Her vil det bli vist fotball-
kampar med meir.

I andre etasje av bygget blir det arbeidd med å få inn leigetakarar. Det er meininga at foretaket skal ha fleire eigarar der ingen har aksjemajoritet. Finansieringa vil avhenge av støtte både frå kommunen og andre aktørar.

Trygve Waldal har ikkje tenkt å vente lenge med å realisere prosjektet. Når aksjonærar, støtte- og låneordningar er på plass, håper han å kunne bruke vinteren til å utføre store delar av byggearbeidet. Om alt går etter planen, står senteret klart til våren 2005.