|
|
Borte er sag og høvelspon, verktøy og laust listverk. I staden er det eit moderne lokale i spreke fargar som møter ungdommar frå Stordal som er ute på sin første ungdomsklubb-kveld. Biljardbordet er nettopp kome inn gjennom dørene. Åge Staurset i styret fortel at siste restane etter bygginga blei borne ut like før ungdomsklubben starta. No var ungdommane utolmodige og ville kome i gang.
Åge Staurset og styreleiar Frank Holmelid opplyser at opningstidene blir kvar fredag når det ikkje er kristen fredagsklubb. Dei helgene det er fredagsklubb, blir ungdomsklubben open laurdag. Lokala blir også opne for aktivitet kvar tysdag. Klubben skal vere rusfri, og for at han skal vere rusførebyggande, må dei ha opningstider i helgene, forklarer Åge Staurset. Klubben er open for ungdommar frå 8. klasse opp til 20 år. Frank Holmelid legg til at alle er velkomne, også unge frå andre bygder og kommunar.
Åge Staurset og Magnus Selboskar er på plass bak det nyinnkjøpte PA-anlegget, som absolutt svarar til forventningane. Etter kvart skal det byggast ut med meir bass, når dei får råd til det. Nightwish, Within Temptation, Bjørn Rosentstrøm og Red Hot Chilipeppers strøymer ut i lokalet.
Både Åge Staurset og Frank Holmelid er opptekne av at dei som har gjort ein innsats med ungdomsklubben må takkast. Dei er svært takknemlege for alle som har stått på og gjort ein innsats for å få klubben i stand, for gåver, møblar og alt utstyret. Både unge og vaksne har teke del i dette.
Snart blir det truleg offisiell opning av ungdomsklubben med diskotek. |
|
|
|
|
|