|
|
Det fortalde Peder Vikenes eit par timar etter at brua over Stavåa reiste med flaumen i halv to-tida måndag. Etter kvart som regnet styrta ned i timesvis, tok dei turen fram att på garden for å sjekke forholda. I full fart kom dei seg over med bilane, så var det gjort.
Brua losna og datt rett i elva. Vikenes fortel at det var lagt betong oppå trebrua. Betongen vart liggjande i elva, medan treverket for nedover. Det var ei stund fare for at det kunne øydeleggje brua til Kvammen, men heldigvis passerte det under den brua. Peder Vikenes og sønene Ole og Knut Sivert var i går ettermiddag på veg for å kome seg ned til garden via den gamle driftsvegen. Den må dei no bruke inntil brua er komen på plass att.
Vegen og brua er kommunal, og det er kommunen som skal setje opp att brua. Teknisk sjef, Stig Busengdal, seier at dei må la vatnet i Stavåa få gå ned att, slik at dei får vite korleis det ser ut i botnen. Han veit ikkje enno om dei må støype brukar eller lage av naturstein. Sjølve betongbrua ligg i elva, og det kan hende det er mulig å bruke opp att denne.
Kommunen skal setje opp att brua så snart som råd, men løysinga er eg usikker på no enno, seier Busengdal.
Også vegen frå brua og fram mot gardane i Seljebotn fekk store skadar under flaumen. Her vart vegbana mykje utvaska, og det vart i går arbeidd med å reparere denne vegen.
Då vassmengdene fløymde på det verste, vart brua til Kvammen stengd. Busengdal seier dei var redde for at ho kunne verte skadd då vatnet gjekk heilt oppi brua. Dei frykta at vatnet skulle gå opp i brukonstruksjonen med spesiell fare for å øydeleggje området mot idrettsbana og industriområdet lenger nede. Brua vart opna igjen i fem-seks tida måndag ettermiddag.
Kvitle-brua på Langsætrane er framleis stengd for bilar. Her vart det skade under flaumen i august i fjor, ein skade som enno ikkje er utbetra. Busengdal seier dei vil vente til vatnet har gått ned att for sjå om det er meir skade. I mellomtida fungerer ho som gangbru.
I Storelva var det i går framleis såpass stor vassføring at dei ikkje visste noko om det var gjort skade på forbygningar eller andre skadar, det var heller ikkje kome inn meldingar om det.
Brannmannskap
I Stordal var eit mannskap på seks frå brannvesenet i Stordal ute heile måndag. Dei heldt auge med det som skjedde og var mange stader, i bustadfelta og på Dyrkorn. Dei følgde med og melde inn.
Brannmannskapa var gode å ha, seier Busengdal.
På strekninga frå Almås til Overøye var det også ein del skadar på private vegar og inntil hyttefelt. Busengdal seier at i slike tilfelle er det lensmann-
en og Naturskadefondet som kjem inn i bildet. Folk som har skadar på privat område, må melde frå til lensmannen, der dei får skjema til Naturskade-
fondet. Dette skal gjerast seinast 30 dagar etter at skaden har skjedd.
Betongbrua over Stavåa ligg framleis i elva. |
|
|
|
|
|