Hytteeventyr på Strandafjellet

Håvard Sunde viser stolt fram to hytter som står nøkkelklare i utbyggingsfeltet ved skitrekket på Stranda. Ei tredje på 200 kvadratmeter er i emning.

29. september
Randi Flø
Håvard Sunde driv Storfjord Snekkarservice saman med Geir Sylte. Her er Håvard saman med tilsett Pål Inge Klempe utanfor ei av stranda-hyttene.
Det er norsk kongsgardstil over hyttene som valldalsfirmaet Storfjord Snikkarservice har reist, men tømmeret kjem frå Estland og ein heil del snikkar-
arbeid er gjort av estlendarar.
– Vi kjøper hytta komplett frå Estland, ferdig opplafta. Det er folk derifrå som kjem og gjer arbeidet, seier Håvard Sunde. Dei austeuropeiske arbeidarane står for 40 prosent av arbeidet, resten vert utført av Storfjord Snikkarservice og andre norske firma. Desse hyttene vert leverte nøkkelklare, det vil seie at snikkarfirmaet også leiger inn elektriske montørar og rørlegg-
ar, eigaren får ei ferdig hytte til avtalt pris.
Grunnen til at valldalsfirmaet fekk tilslaget på bygging av desse hyttene framfor lokale firma, trur Håvard er at dei kunne gi eit tilbod utan overraskingar. Kjøpesummen er avtalt utan at eigaren treng å vente på overskridingar i byggekostnadene. Håvard Sunde meiner også at dei estlandske snikkarane leverer kvalitets-
arbeid til lav pris.
– Dei kan faget sitt, det er ei myte at det kjem dårlege tømmerhytter frå Aust-Europa, seier Sunde. Stilen på dei to hyttene er norsk, den tredje som det vert grave tomt til blir ei større utgåve av dei to. Snikkarservice har kontakt med eit norsk firma som opererer i Estland. Lafteteknikken som blir brukt er norsk, det same er arkitekten bak bygga.

Hytter til tusen... på Stranda
Håvard Sunde har sett hytte-politikk praktisert i to kommunar, Norddal og Stranda. Han meiner Stranda er ein meir ja-kommune enn Norddal. Her får dei ting igjennom og handlar.
Sjølv har han ein søknad inne frå tidleg i år om å få selje fem tomter frå eige hyttefelt i Valldal. Han har fått tilsagn om å selje to, men er ikkje nøgd med dette og har anka saka. Han har fått vite frå kommunalt hald at han kan vente seg svar på slutten av året, når politikarane har hatt ein ny prinsippdebatt om temaet bygsling / sal.
– Dette tek motet frå folk, ein får ikkje starte før ein veit kva ein kan selje eller ikkje, seier Håvard Sunde om venteperiod-
en. Situasjonen gjer at ein veit ikkje korleis ein skal møte kundane.
I Hevsdalen i Stranda er Strandafjellet Hyttegrend oppretta, med 32 utbyggings-
klare sjølveigartomter. Felta ligg nær skitrekket, og dette blir brukt i marknadsføringa; ski in - ski out. Med på tomtekjøpet følgjer veg, vatn, avløp, straum og breiband. Til saman i Hevsdalen er det 100 tomter som ligg klare for sal, seier Håvard Sunde. Selskap har kjøpt opp grunnen frå fire grunneigarar og fått han omregulert til hyttefelt. Tomtene vert selde. Han trur aldri dette kunne skjedd i Norddal kommune.
Håvard Sunde har ikkje tru på at tomter skal bygslast:
– Fleire eg snakkar med vil kjøpe, ikkje bygsle. Då vert det utlegg heile tida. Når ein har kjøpt, eig ein tomta, og er ferdig med oppgjeret.

Avisomtale
I eit felt der tre hytter er komne opp, står Snikkarservice for to av dei og skal til på si tredje hytte.
– Eg vil tru vi kan byggje fleire hytter her, seier Sunde. Mange har vore og sett på dei to som er reist, og folk gir uttrykk for at dei likar det dei ser. Unnataket er oppslag i strandaavisa Sunnmøringen, der det vert sett kritisk lys på fleire sider ved utbygginga. Storleiken på den nye hytta har vore kommentert, og plasseringa av feltet heilt inntil løypene er heller ikkje alle strandarar glade for.
– Eg har inntrykk av at folk flest her på Stranda ser veldig positivt på det som skjer i Hevsdalen og har ingen ting å seie på storleiken på hyttene, seier Håvard Sunde.

Leilegheiter
Storfjord Snikkarservice jobbar med fleire prosjekt, eitt av dei er leilegheitsbygg i sentrum av Valldal som skal stå ferdig til nyttår. Det har ikkje vore lett å få selje dei to leilegheitene på 116 kvadratmeter, som blir konstruert frå grunnen av i eit femtitals-hus. Det er imidlertid stor etterspurnad frå folk som vil leige. Om det ikkje er interesserte kjøparar når husværa står ferdige, vil dei nok bli leigde ut, trur Håvard Sunde.
I tillegg til dette er firmaet i ferd med å setje opp eit nytt hus i Valldal og driv elles med rehabiliteringsarbeid. Arbeidsmengda siste året har gjort at dei no er seks tilsette.

Optimist
Håvard Sunde har tru på at det snart vil bli eit oppsving i hyttebygginga i Norddal. Det er mange grunneigarar som sit med felt som er utbyggings-
klare, men det kostar å kome i gang. Det er tregt å få dei to-tre første hyttene på plass. Sjølv har han fått tinga vekk ei hytte i sitt eige felt. Det gjekk ikkje så fort å få omsetnad på hyttene som han først hadde trudd, men ein gong må det ta av...