Unge hjelparar

Dei har luka jordbæråker, mala, plukka eple og vaska. Niande klasse ved Valldal skule er godt i gang med prosjektet sitt «Bygdehjelpa».

6. oktober
Ingrun Myklebust
Tilsette i elevbedrifta plukkar eple på Linge.
Dei driv det heile som eit firma, med dagleg leiar, nestleiar og med eit styre som skjer igjennom når det trengst. Niandeklassingane har skipa si eiga elevbedrift, som del av eit pedagogisk opplegg. Dei synest dei har kome godt i gang og har hatt 14 oppdrag så langt. Det var størst pågang etter arbeidskraft i starten, etter at dei sende ut flygeblad i posten. Ambi-
sjonen er å få firmaet til å vare ut 10. klasse. Pengane som kjem inn, skal gå til skuletur til anten Polen eller England.

Åtte timar
Kvardagen til elevane har blitt ein del endra etter at dei sette i gang med elevbedrifta. Dagleg leiar Maria og nestleiar Ingrid får til dømes ha mobiltelefonane på i timane. Dei må vere tilgjengelege for å ta imot førespurnader frå folk som vil ha arbeidshjelp. Det er deira jobb å delegere ansvar og få medelevane til å ta jobbar. Av og til kan det vere tøft å skulle seie «du må gjere det», fortel Maria. Når ingen andre kan, tek dei to leiarane oppdraga sjølve. Når elevane er ute på jobb i skuletida, må dei sjølve sørge for å bli oppdaterte i undervisninga av andre elevar. Dei kan vere borte åtte skuletimar i månaden frå skulen. Resten av
arbeidet må dei gjere i fritida.

Styret bestemmer
Odd Lennart Hjelle er styreleiar. Når styret har møte, er det for å ta opp spesielle saker eller å bestemme reglar for bedrifta. Dei har mellom anna avgjort at Maria og Ingrid skal kjøpe kontantkort til mobiltelefonane sine sjølve, skrive opp samtalane dei ringer, og så få att pengane i ettertid.
– Når eg lurer på noko, tek eg det opp med styret, seier dagleg leiar Maria.

Krev litt
Elevane synest dei har vore godt mottekne så langt, dei fleste gir litt meir enn 40 kroner timen, som er minimumsbetaling.
– Dersom dei er fornøgde, gir dei meir, seier økonomisjef Inghild Storås.
For niande klasse er dette læring dei set pris på:
– Det krev litt av oss, seier Maria. Ho synest det er kjekt å få prøve noko nytt. Og Bygdehjelpa er klar for fleire oppdrag!