Med motorsag og sprettert i skogen

Dei som møtte på skogdagen i Stordal fredag, fekk presentert ein del utstyr dei aldri hadde sett før.

6. oktober
Ingrun Myklebust
Av den gamle grana vart det fine emne til stovebord.
Ein som har hatt øks og motorsag i hendene så å seie heile livet, Olav Anton Antonsen, demonstrerte utanlandske oppfinningar på skogdagen. Etter å ha halde kurs og hatt framsyningar over store delar av verda i bruk av motorsag og øks, har han fått kjennskap til reiskap som er ukjende for mange nordmenn. Etter kvart har verksemda til Antonsen gått over til å bli storstilt omsetnad av sjeldant skogbruks-verktøy.
– Eg har bestandig likt å vise fram ting som andre ikkje trur noko på, sa demonstratøren.
Dei frammøtte fekk først sjå ein traktordriven krattknusar. Kuttemekanismen består av to kjettingstumpar og prisen ligg på 64.000 kroner pluss moms.

– Vegane tørkar fortare når krattet kjem vekk, sa Antonsen, med skogsvegar i tankane. Krattknusaren er blitt populær blant skogeigarar.
Harald Jøssvoll hadde lagt klar ei stor gran med mykje kvist i. Denne tok Olav Antonsen fatt i med det vesle berbare, australske sagbruket sitt. Ein stige på toppen av grana fastla kursen for saga. Så var det berre å bestemme kapptjukkelsen og sage i veg. Slik såg det i alle fall ut for dei frammøtte. Fine, jamne bord vart resultatet. Og dersom ein tenkte på å legge grana litt nedoverbakke også, vart ikkje sagearbeidet alt for hardt.

Fellejekken til å få over ende store tre imponerte stordalskarane mest. Olav forsikra at han ikkje skulle bruke brytejern meir, etter å ha fått fatt i denne reiskapen. Jekken skal støttast til treet, og ved hjelp av donkraft og sveiv blir det lagt stort press på stammen.

Så var det tid for å vise reiskapen som skapte mest latter blant skogdag-publikumet:
– Eg hadde aldri trudd eg skulle bruke sprettert i skogbruk, flirte Olav og demonstrerte big-shot-reiskapen. Eit langt rør med ei gummi-slynge på toppen var den amerikanske oppfinninga som sørga for å få sett fast tau i toppen av eit tre. Tauet blei sendt ut ved hjelp av ein lærpose med blykuler. Slik kan ein styre eit tre før felling, eller få brakt opp klatretau til spesialoppdrag i trepleie. Reiskapen er aktuell for linjerydding, meinte Antonsen.

Tilhøyrarane i skogen fekk også sjå treklatring demonstrert, med spesialkonstruert sele. Skoa som blei brukte, hadde piggar under.
– I Canada er det påbudt med piggar under skorne for å kunne jobbe i skogen. Ein har ikkje tenkt på dette i Norge enno, kommenterte Olav Antonsen, og viste til at det er alltid ein fare for å skli under skogsarbeid.

– Dersom ein trur ein veit mykje om noko, er det fordi ein ikkje veit noko, oppsummerte skogsarbeidaren. For ti år sidan trudde han han visste mykje om trefelling. Etter å ha oppdaga stadig fleire hjelpemiddel og måtar å gjere ting på i utlandet, har han fått ei anna meining om dette.