|
|
Tre karar frå Busengdal Transport er i ferd med å setje opp reinseanlegget. Per Vidhammer forklarer at dei har grave ut eit område. Her legg dei gummiduk i botnen, så legg dei på lecagrus, så matter, og så endå eit lag med lecagrus. Oppå her skal det ligge domar, eller halve tankar. Desse skal fyllast med lecagrus.
Kloakken frå alle hyttene går først inn i ein stor filtreringstank, der grovmassa blir filtrert. Det flytande blir pumpa derifrå oppi dei halve tankane, der det blir spreidd over området. Det renn ned gjennom alle laga og blir filtrert. Det som kjem ut er reint vatn. Det skal vere så reint at ein kan drikke det.
Men då skal det ha vore dårleg med nedbør ei tid, kommenterer Vidhammer.
Fordelane med dette systemet er mange. Det er eit miljøvennleg opplegg utan avrenning. Dessutan må bilen som hentar fastmassa, tømme berre ein tank i staden for at kvar hytte skulle hatt sin eigen septiktank. Sannsynlegvis er dette løysinga for fleire hyttefelt i området.
Sanitærbygg
Alf Overøye er også i gang med å setje opp eit stort bygg på nedsida av parker-
ingsplassen. Det er snikkarane Ketil Pedersen og Helge Kaldhussæter frå Br. Pedersen Bygg som held på her. Dei starta 6. september og er allereie komne langt. Målet er å få ferdig taket og gjere huset vinterklart, slik at innreiinga kan gå føre seg til vinteren. Håpet er at delar av byningen skal kunne takast i bruk i vinterferien.
Heile huset er på 122 kvadratmeter, det skal mellom anna innehalde sanitæranlegg for campingvognene som står ovanfor vegen. I tillegg skal det ha stove for desse gjestene. På toppen blir det laga til to leiligeiter til utleige. også dette huset er sjølvsagt kopla på kloakkreinseanlegget.
Eg har campingvogn her, og trivst godt i området, seier Ketil Pedersen og peikar ut der han nyleg har vore på hjortejakt. |
|
|
|
|
|