Politikarar møtte næringa

Norddal reiselivslag inviterte politikarar og folk frå reiselivsnæringa til eit møte sist søndag. Tema var Destinasjon Geiranger-fjord-Trollstigen.

13. oktober
Randi Flø
Frå møtet på Jordbærstova sist søndag.
Styreleiar i destinasjonen, Inge Gjærde, var til stades og orienterte om kva avtalen går ut på og kor mykje pengar som trengs.
Det er inngått ein avtale mellom Stranda og Norddal kommunar og reiselivsnæringa i dei to kommunane om å drive selskapet. Geir Gjædre og Ove Skylstad er tilsette på heilårsbasis med kontor i Stranda og Norddal. Problemstillinga no er kor mykje kvar av dei to kommunane skal gå inn med. Destinasjonsselskapet ønskjer at Norddal kommune går inn med 800.000 kroner og Stranda med 1,2 millionar kroner. Fleirtalet i formannskapet i Norddal gjekk inn for at kommunen skal gå inn med 600.000 kroner.
Styreleiar Inge Gjærde sa at selskapet ikkje er lovd noko verken i Norddal eller Stranda. For å drive etter intensjonane treng selskapet eit driftsbudsjett på minimum 3,4 millionar kroner i året. I inneverande år ligg budsjettet på 2,6 millionar kroner.
– Frå dei to kommunane treng vi til saman to millionar kroner for å få det til å gå opp. Det skal gå til auka offensiv innan marknadsføring av området, sa Gjærde.
Kommunestyret i Norddql skal ta stilling i saka i morgon, torsdag, medan det skal til politisk behandling i Stranda på formannskapsmøte 16. oktober og i kommunestyret 10. november.
– Aksjekapitalen i destinasjonsselskapet er brukt opp, no må vi få det på fote, men eg skal ikkje blande meg bort i Norddal kommune sine disposisjonar, sa Gjærde.

Mest mulig
– Eg har tenkt mykje på denne saka, vi må ha eitt mål for auget, og det er at reiselivet og Norddal komune må få mest mulig ut av pengane, sa Viktor Valdal og gjentok argumentasjonen frå formannskapsmøtet. Han ville ha ein månads tid til å finne ut om Norddal er betre tent med å vere med i reiselivssamarbeid andre stader, til dømes Rauma eller Ålesundsregionen.
– Dette føler eg det må vere heilt legalt å ta opp no, eg synest marknadsføringa av Norddal kommune i nærmiljøet har vore dårleg frå destinasjonen, sa Valdal.
Signe Brenna syntest det var fint at reiselivsnæringa hadde teke initiativ til dette møtet.
– Vi må ha tillit til dei som har greie på reiseliv. Det er snakk om å ha målsetjing og vilje til samarbeid. Det er viktig å byggje opp saman i ei næring som er avhengig av kompetanse, dette selskapet treng rammer og forutsigbarheit, sa ho.
Solveig Linge Stakkestad spurde om det var misnøye innan reiselivslaget i Norddal.
Til det svarte Kirsti Indreeide Dale, leiar i reiselivslaget, at dei har nærare 50 medlemsbedrifter, det har ikkje vore stort fråfall etter at destinasjonsselskapet tok over.
– Destinasjonsselskapet treng vi, og vi må jobbe for å få det til å fungere, sa ho.
Dei to tilsette vart bedne om å kome med sine syn.
– Når det gjeld den lokale marknaden gjer vi ikkje så mykje, det er heilt på eit minimum når det gjeld marknadsføring. Vi har ikkje økonomi til det. Styret har sagt at marknadsføringa skal prioriterast med internasjonal først, så nasjonal og til sist regional, sa Gjærde. Han viste til at dei samarbeider gjennom Møre og Romsdal reiselivsråd og Fjord-Norge, noko som fungerer bra. I området er det også ein del bedrifter som går saman om marknadsføring direkte, og betaler det sjølve.
– Norddalingane er heldige, men ikkje klar over det sjølve, sa Ove Skylstad og viste til at det vesle området her kan drage 500.000 utlendingar hit i året og få av dei pengar. Han meinte folk burde vakne opp med tanke på kva ein bør bruke pengar på.
Signe Brenna sa at vi også er heldige som har turisinformasjon og heilårsope kontor.

Naturen
Svein Linge sa at det verken er reiselivslaget eller politikarane
som har skapt den store trafikken, det er naturen som er grunnen til at folk kjem. Han var ikkje samd i at ein skal opne for bruk av næringsfondet til å finansiere drifta i destinasjonsselskapet og på den måten låse det endå meir.
Inge Gjærde ville ikkje leggje seg bort i den politiske behandlinga i Norddal, men ba dei lytte til næringa sjølv. Norddal Reiselivslag kjem med klare anbefalingar om å halde fram. På spørsmål frå Linge om 600.000 kroner er nok, sa Gjærde at selskapet må legge opp ein aktivitet etter det det er råd til. Intensjonen om to heilårsopne kontor kan bli ei umulig oppgåve. Han syntest ikkje det er forsvarleg å redusere pengane til marknadsføring.
– Eg har vore medlem i reiselivslaget sidan det starta og betalt min kontingent med glede, og eg er imponert over Ove Skylstad sitt arbeid. Å ikkje betale kontingent frå kommunen er svært defensivt. 200.000 kroner i differanse er småpengar. De må satse på reiseliv i Norddal kommune og leggje forholda til rette. Destinasjonen har fungert for kort tid til begynne å rykkje opp med rota. Gi dei ein sjanse og løyv det som trengs, så kan ein evaluere etter fire år. Sats på reiseliv, det er der framtida er, sa Hans Olav Muri.
Arne Sandnes som er styremedlem i destinasjonsselskapet peika på at frå komande juli blir området sannsynlegvis ein del av verdsarvomrdet, der det ligg eit potensiale. Eit alternativ til å leggje ned er å fusjonere med eit anna selsakp, han kunne tenkje seg å gå ei ny runde med Ørsta med tanke på at Hjørundfjorden er eit eit kjempeprodukt. Han meinte at etter ein fireårsperiode kan ein ta opp samtalar med Rauma og Ørsta. No ville han konsolidere situasjonen og utfordre Stranda. Om næringa grev djupt i lomma vil ein kanskje kome opp i fire millionar kroner.
Geir Gjærde sa at han har stor repsekt for det som er lagt ned av arbeid før oss. I over 100 år har folk bygd vegar og bygd opp området, eit startgrunnlag som er betre enn nokon annan stad.
Nils Jarle Hjelme meinte det er viktigare å bruke pengar på dette enn mykje anna.
– Kven vil ha med seg Norddal kommune når den oppfører seg slik, eg er frustrert over måten de held på med, sa han.

Uaktuelt
Merete Løvoll Rønneberg var opprørt over at Viktor Valdal ville bruke ein månad på å utgreie andre alternativ.
– Det er helt uaktuelt. Formann-
skapet sa i juni at vi skal reforhandle avtalen, då går vi ikkje for noko anna. No må vi passe oss så ikkje Norddal blir sett på som ein rotekommune. Eg vil ha ein avtale, vi kan ikkje seie at det er så himlande dyrt, det er ikkje noko argument. No må vi bestemme oss for å gå for noko og la styret får arbeidsro til å gjere noko. Det vi er misnøgde med, må vi ta innan styret, det vi er glade for skal vi juble utover, sa ho.