|
|
Haustsola var på bana denne torsdagen i oktober der mange hadde møtt fram for å vere med på opninga saman med presidentskap, kretsleiar og sentrale lokale krefter. Egil Berge fortalde historia, Stein Ivar Krohn frå Sparebanken Møre skrytte av rektor sitt engasjement og ville henge opp skilt om at banken støtta idretten. Kretsleiar Bjørn Ivar Rødal delte ut ballar og til slutt annonserte Ragnhild S. Grønningsæter president Sondre Kåfjord. Han kom i haustsol, med landskampsiger dagen før på Ullevål, til Eidsdal for å opne ballbinge. Med alle dei ballbingane rundt om i landet, og det er mange, skapar vi breidde i idretten, engasjement og toppar, kunne han formidle. Fotballfamilien bare veks og veks. I fjor fekk dei 66 personar organiserte, kvar dag. Det blir det breiddeidrett av. Og så var ballbingen offisielt opna.
Arrangement
Så var det konkurransar, kaffi, brus og kaker, flotte kaker og fotballkampar. Premiar på konkurransar i form av fotballrelaterte produkt, som signerte t-skjorter frå Aafk. Kampane starta med dei små og bygde seg opp til glansnummer med utkledde lærarar mot dei største elevane. Elevane gjekk sigrande ut av prestisjeoppgjeret. Folk kosa seg, og sjølv om sola forsvann gjorde ikkje dei det. Mykje folk og mykje prat. |
|
|
|
|
|